tirsdag 16. juli 2013

Omsider...

 
...har eg fått festa endane på desse lappane
som skal bli til eit teppe.
 
 
 
Har hatt lappane liggande lenge no,
så det er verkeleg på tide.
 
 
 
Skal hekle lappane i hop,
noko eg aldri har gjort før.
Wish me luck;-)

mandag 15. juli 2013

Ruskevær og blomar

 
I går holdt vi oss inne heile dagen.
 
 
Regnet hølja ned og det blåste skikkeleg.
 
 
Må innrømme at tankane vandra til varmare strok...
 
 
Bileta tok eg gjennom vindauget i vinterhagen.
I dag har det vore litt mindre regn og vind,
men framleis kaldt og grått.
 
 
Plukka meg inn litt blomar.
 
 
No duftar det heilt vidunderleg her.
 



 
Når ein ikkje kan sitte ute er det kjekt å kunne nyte synet og dufta av desse blomane inne.
Likevel, det skal bli kjekt med litt varmare dagar igjen...
 
The weather has been really crap the last couple of days.
Yesterday it was particurarly bad with a lot of rain and strong wind.
It's not the kind of summer I'm dreaming about,
but hopefully it will get better soon.
Today I picked some flowers so I can enjoy them inside,
 as it's too cold to sit in the garden.
The bad weather pictures were taken yesterday ,
through the window in the conservatory.


lørdag 13. juli 2013

Fine dagar

 
Starta dagen med ein te i vinterhagen.
 

 
Her er uteplassen framfor vinterhagen.
 
 
Forsatte tedrikkinga ute i hagen.
Til venstre ser du vårt siste prosjekt,
som er trappa ned til nyaste plattingen.
Holder på med å lage blomsterbed på begge sider av trappa.
Blir litt finare når graset har grodd der det er mold,
og når kryptimianen eg har planta mellom steinhellene får etablert seg.
 
 
 
Peonane har akkurat byrja å blomstre!
Lukke:-)

Good days.
I started the day with a tea in the conservatory,
and continued with another tea in the garden.
The last project is the stair down to the patio,
which is also new.
We are still working around this area,
but finally seeing the end:-)
 


onsdag 10. juli 2013

Sommar på vår jord

 
Det er lenge sia eg har delteke i NIB sine utfordringar,
men denne gongen slenger eg meg med i aller siste liten.
Fekk endeleg knipsa nokre bileter i dag.
 
 

Her har eg rigga meg til i hagen med myntelimonade og blad.
 


 
Vi har heilt dilla på denne limonaden her i huset,
 og vi har laga den stort sett kvar dag i det siste:-).
Smakar spesielt friskt og godt på litt varme dagar.
 
 
Mange fine, sommarslege bileter HER!

tirsdag 9. juli 2013

Hekta på ugler:-)


Kva er det med meg og ugler for tida?;-)
Får visst ikkje nok av dei!
 

 
Uglevasen til høgre er ny og kjøpt på Kremmerhuset.
Dei to andre vasane har eg kjøpt tidlegare på Kremmerhuset.
Hyllekanten har eg pynta med washitape.
 

 
Desse uglene fann eg også på Kremmerhuset!
 
 
Ugleputa har eg hatt ei stund.
 
 
Her er det ugleposteren som er ny,
 og det kjem vel ikkje som ei bombe at den også er frå Kremmerhuset:-)
Og berre så det er sagt; eg er ikkje sponsa:-).
 

mandag 8. juli 2013

Streng som plantestøtte


 
Trengde noko som erteblomane mine kan vekse oppetter,
og bestemte meg for å lage noko i ståltråd.
Fann ein gamal rull med ganske kraftig streng og brukte ei tang til å bøye den.
 

 
Ståltråden var noko vanskeleg å jobbe med,
men synes ikkje det gjer noko at resultatet vart litt skeivt og uperfekt.
 
 
 
Nyttig og dekorativt:-)
 
I needed something for my peas to climb on,
and found some old steel wire and shaped it with pliers.
It was a bit difficult to work with,
but I don't mind the result being imperfect,
it's still both decorative and useful:-).
 
 
 

lørdag 6. juli 2013

Tallerkenvegg

 
Endeleg har eg fått laga meg ein tallerkenvegg!
 
 
Inspirert av denne veggen som eg kom over i Keukenhof blomsterpark i Nederland,
laga eg min eigen versjon. Tallerkenveggen der var utandørs, medan min er i vinterhagen.
Med klimaet her trur eg det er like bra:-).

 
Dei tre kvite tallerkena har eg arva frå mi bestemor.
No kjem dei til sin rett:-).
 
I have decorated the wall in the conservatory with plates.
Inspired by this wall,
 which I came over in Keukenhof flowerpark in Holland, I made my own version.
The wall in Keukenhof is outdoor, but with our climate I don't think it would last for long here:-).
The three white plates I have inherited from my grandmother,
now I can admire them up on the wall:-).