mandag 30. september 2013

Svarte skyer


men heldigvis berre i interiøret:-).
Ute er det knappast ei sky på himmelen.
 



 
Fleire skyer under produksjon!
 
 
Kanskje er det ei lita jente som får rosa skyer over senga si:-).
 
 


Hamstring

 
Knappar,
 
 
perler,
 
 
teipruller og bomullstråd,
 
 
papir,

 
og bomullsgarn i diverse fargar,
er noko av det eg hamstra på Tiger og Søstrene Grene i København.
Må ha noko å kose meg med framover på mørke haustkveldar:-).

mandag 23. september 2013

På bartekjøret:-)


 
Etter at eg hadde klipt ut ugler tenkte eg at det også kunne vere artig med bartar på ei snor:-)
 

 
Brukte barteteipen som mal. Limte den på tynn kartong og klipte ut.
Tilsutt sydde eg dei saman med maskin.
Enkel DIY!
 
Ha ein fin veke alle saman!
Heldige meg stikk ein tur til København:-)

søndag 22. september 2013

Ugler på ei snor...

...og ny farge på veggen.
 
 
Har gradvis vorte lei den grøne tapeten,
så den fekk eit par strok med isturkis.
 
 
Isturkis har vore favorittfargen min i fleire år,
og det ser ikkje ut til at eg går lei av den med det fyrste.
 
 
Veggen vart pynta med fugler i diverse varianter.
 
 
 Inspirasjon til å klippe ut ugler fekk eg av denne bordskånaren av ull.
Den er handlaga av Kari Indreeide Grimstad.
 
 
Med så mange ugler i hylla måtte eg sjølvsagt ha ei snor med ugler her også.
Desse sydde eg saman med symaskina.
 

 
 
UHUUU!

fredag 20. september 2013

Bartefat:-)

 
Likar litt humoristiske innslag i interiøret!
 
 
Bartefatet er kjøpt hjå Kremmerhuset.
 
 
Og det er også bartekortet:-)
God helg folkens!

lørdag 14. september 2013

Tapet på veggen...

 
...og tapet på bordet:-) 
 
 

 
Søte kubbelys frå kid.

 
Fine steinar frå gamle Skagen =finaste souvenirane:-) 
 
 
 


 

torsdag 12. september 2013

I går ettermiddag...



 
...ville Elvira gå langs med elva og ner til skogen.

 
Vi er heldige som har naturen rett utanfor døra vår.
 

Pus følger som vanleg etter:-)
 


 
  Vakkert i skogkanten! 
 
 
Fantastiske røter!
 
 
Elvira synes den liknar på ei drageklo.
 


 
På veg heim. 
I ettermiddag / kveld stikk vi igjen ned,
ungane elsker å leike ved elva og klatre i treda.

onsdag 11. september 2013

Nytt på veggen i arbeidshjørnet

 
Her ein dag fekk eg så lyst til å printe ut nokre av bileta mine på boksider,
vart litt fin effekt synes eg.
Fotografia på biletet til høgre er mine surrealistiske sjølvportrett eg tok på Island i fjor.
Faktisk for akkurat eit år sia denne veka,
jammen går eit år fort.
Har eit stort ynskje om å reise tilbake dit snart:-).
 
 
 
 
Med det same eg var i printemood, trykte eg også ut nokre bilete av vår nymåla kabeltrommel.
Tok dei i slutten av august, det var eit slikt nydeleg kveldslys.
Kjekt å ha nokre bileter på papir og ikkje berre på skjermen:-).
 
 
A4 bileta har eg reve ut av interiørblad,
dei andre er mine bileter.
 
 
Veldig kjekt å sitte her i den nye arbeidskroken,
sit her faktisk i skrivande stund:-).