tirsdag 10. september 2013

Puter og bestemorruter


 
Max har verkeleg funne sin plass i den "nye"sofaen.
 
 
Putene er sydd av stoff som eg hadde på lager, utanom uglestoffet,
det kjøpte eg på Jysk.
Det turkise stoffet som eg har brukt på dei to minste putene,
 er i frå eit 70-tals putevar eg fekk med mamma.
Diverre så er mesteparten av det så tynnslete og holete at det er ubrukeleg.
Ganske tynt det eg har brukt også,
men synes fargen er heilt nydeleg så måtte bruke det likevel. 
Stoffa med valmuene og treda som er brukt på den minste puta til venstre er handprinta. 
Kjøpte dei på Etsy.com for nokre år sia av ei dame i Australia.
 Endeleg fekk eg brukt dei til noko,
og eg har framleis meir liggande.
 


Dette er baksida til tre av putene,
og som du ser har eg sydd konvoluttopning. (trur eg det heiter)
Veldig kjekt å sleppe å bale med glidelås:-).
 
 

Desse sukkersøte bestemorrutene skal bli til eit dokkesengteppe til ei lita tantejente:-)


 


5 kommentarer:

  1. så koselig ;)

    vi har også fått oss katt -- men den har nesten ikkje tid til å ligge så rolig iallefall ;)

    bor du langt inni fjordane mon tro --- eg bor også nesten lengst inne i fjorden ;)

    SvarSlett
  2. Wow,
    her var det blitt mange herlige farger.
    Liker!!
    Arbeidskroken var bare lekker.

    Kristin

    SvarSlett
  3. Heisan
    Glade, frodige puter og en skjønn pus! Jeg er så utrolig glad i katter og setter meg på huk og majuer bare jeg ser en katt,hi,hi.
    HElt enig for øvrig; det er absolutt helt uoverkommelig å ha hele huset på stell!!!
    Glad dag til deg!
    Klemmer fra Kaspara

    SvarSlett