lørdag 28. januar 2012

Min fascinasjon for tred

                 

                                            Då eg var lita klatra eg mykje i tred.





Nokre tred fekk til og med namn; klatretredet som stod midt i tunet, Tarzantreda og Kosetredet.
Alle var spesielle.





  I Tarzantreda slengde vi oss frå tred til tred og trudde vi var Tarzan. I eit av desse treda pleide eg å henge oppned etter føtene medan eg åt surgras frå bakken. I Kosetredet hadde vi kvar sin faste plass, og der klatra vi opp kvar gong vi hadde fått has på noko søtt:-). Min plass var nesten i toppen av tredet, og der kunne eg halvt ligge medan eg tygde på favorittsjokoladen min. Dette er artige barndomsminner. Diverre tok nyttårsorkanene dette tredet.




Vi bygde også hytter i tred, dog ikkje så fine som den ovenfor. Ein gong bygde vi ei trehytte med tre etasjer. Syskenbarnet mitt hadde øvste etasje, eg mellomste og bror min nedste etasje.


Tred har alltid fascinert meg...


Ønsker alle ei fin, fin helg!

søndag 22. januar 2012

Januar rose og vinterlandskap


Det er fantastisk at ei rose framleis kan vere vakker i januar, iallefall er ho det i mine auger...




Januar er for mange ein mørk og tung månad, men januar kan også vere særs vakker!
Bileta under knipsa eg i går, på ferja frå Sæbø til Leknes. Ikkje skyfri himmel, men det gjer berre landskapet enda meir spennande! Elskar korleis det same landskapet forandrar seg med vær, vind og årstid. Hadde eg teke desse bileta fem minutt seinare, same ståstad og utsnitt, hadde bileta likevel vore annleis enn desse. Dette synes eg er fascinerande!


Ha ein fin søndag!

onsdag 11. januar 2012

Vinterpynt?



Har rydda ut det meste av jula, men nokre ting må eg behalde berre ei lita stund til. Julepynten har blitt omdøypt til  vinterpynt!



Amarylissane forsetter å blomstre her i huset. Når ein visnar så kjem det stadig ein ny! 



Azaleaen er framleis like fin!


Svibelane klipte eg av og sette i ein gamal mugge.


Sølvfarga kongler

Vedgår at dette er litt julete, men beholder det eit par dagar til....

lerkekongler i ei rosa skål

Samtidig omfavnar eg alt som kan minne om vår!

tirsdag 10. januar 2012

Vinhøne

Denne vinhøna, som er berekna til tre-literen fekk eg av mi snille, flinke tante Kirsti.
Er den ikkje herleg?


Knappane er frå mi avdøde bestemor sitt knappeskrin.... det gjer høna enda meir spesiell for meg.





Synes at høna er svært sjarmerande der ho sit, skal vere sagt at ho heng litt med hovudet når innhaldet minkar:-) Sett så stor pris på å få ei heimelaga gåva som dette.


Her slapper ho av i vinterhagen.