fredag 30. mars 2012

Klippe, klippe, klippe...

Inspirert av Lisbeth sin lille verden har eg klipt ut harepuser  i store mengder!
Har brukt både tapetrestar og fint papir som eg har hatt liggande ei stund.
Kjekt å få brukt det til noko som blir så dekorativt!
Denne greina pyntar no opp i vinterhagen!

Klippte også nokre litt større harepusar til dekor på veggen bak sofaen.

Medan eg var i klippemodus laga eg også denne påskegirlanderen.
Ta ein titt inne hos Lisbeth sin lille verden og sjå på dei fine harepusane ho har laga.
Visst du har lyst å lage dine eigne harepusar har ho ein link til mønsteret!

torsdag 29. mars 2012

Forandring fryder

Leeenge har eg hatt denne grøne tapeten i retrostil liggande.
Ting tek tid, men no har den endeleg komt opp!

Passar vel bra med grønt no som det er vår!
Kjøpte nok tapet til heile veggen, men bestemte meg for at det var nok med tre lengder.
Så no har eg masse tapet til overs....
Har bytta ut elefant girlanderet med ei i meir påskestil.
Harepusane har eg klipt ut i tapet, meir om det i morgo.
Gøy med forandring! Ikkje tok det så lang tid heller når eg først sette i gong.
Visst du vil sjå korleis veggen såg ut før trykker du her!

Oppdatering: Er med dette også med i NIB si utfordring Colour addict.
Dette er ei utfordring eg synes passar meg,
 så eg kjem sikkert tilbake med eit heilt nytt bidrag til dette temaet:-)

tirsdag 27. mars 2012

Steikje fine gardiner!


Dette ein gong så staselege huset 
har diverre stått tomt i fleire tiår.
  Vær og vind har enno ikkje satt sitt preg på denne nydelege gardina,
så den har nok ikkje hengt slik lenge. 


Eg har ein mistanke om at det er ho
Dagmar ( orkanen vi hadde i romjula ) som har lufta gardiner....

Rundt bygda

Ein av dei mange positive sidene ved å blogge,
er at eg har blitt flinkare til å ta med kamera, 
og som følge av det tek meir bileter.
"Rundt bygda" er vel den mest vanlege trimrunda her i bygda.
Her deler eg nokre små glimt frå min spasertur:
 Lerketred med masse kongler,
plukk eit par slike greiner og du har ein nydeleg dekorasjon! 
Snøklokker i skogen
Vakkert tred
Regndråpar på linsa...
Likar faktisk effekten det gir.



mandag 26. mars 2012

Monochrome

Finner stadig nye utfordringer å delta i. Dette er mitt bidrag til Månedens Monochrome i Fotoringen.
Biletet tok eg på fantastiske Island i haust.
Trykk på linken under for å sjå fleire bidrag.


lørdag 24. mars 2012

Påskestilleben

Påske i ditt hus er utfordringa i bloggen Potrinas
og dette er mitt bidrag. 
Eg valde å lage eit enkelt påskestilleben.
Påskeegg med noko godt i, te frå knallgul krus,
påskeliljer og perlemorsblomst,
fine bøker eller eit interiørblad å sjå i,
det er påskekos for meg.

Ønsker du å delta sjølv i denne påskeutfordinga
eller få litt påskestemning trykk  på linken under:


onsdag 21. mars 2012

Kom inn då vel!


Eg er visst i sommarmodus for tida og har gjort eit djupdykk i arkivet.
Leikarhytta til ungane har vi bygd sjølve, det vil seie min kjære:-), utan arbeidsteikning eller ein fullstendig plan før vi sette i gong. Vegen blir til mens ein går er vel litt typisk oss!
Hytta vart mykje meir omfattande og tidkrevjande enn vi hadde forespegla oss,
men resultatet er vi fornøgde med!

Linus har alltid storkost seg i hytta.

Elvira sørger for at blomane trivast.

Gode minner!
På fire årsdagen til Elvira var værgudane med oss.
Ikkje så vanleg på desse kantar.
Døra er to-delt, så ein kan opne berre øvste del om ein vil.
Kjekt når ein blant anna skal leike kiosk!
Her er det kø for å få pølse og brus. Godteposane heng i plommetredet. 

Skal det vere eit kakestykke? 
Storsjarmøren vår!

Hytta har også hems med vindu og fin utsikt!
Vindauga er store, så ein får masse lys inn.
Biletet til headeren min er som dokke ser teke i hytta!
Denne hylla har eg lakka rosa, deretter har eg tapetesert ei plate som eg har spikra fast på baksida.

Kjøkkenhjørnet.

Linus inviterer til teselskap. Vil du kome?