torsdag 15. mars 2012

There is no place like home?


Det er lenge sida vi har sett sola her på Sunnmøre.
Det hender eg drøymer om å emigrere til eit varmare land.
For to dagar sidan var det den gråaste av dei gråe dagar.
  Eg køyrte gjennom Ørsta sentrum då eg fekk auge på dette tredet med skjorereiret i.
 Synes det var verdt å stoppe og forevige. Det ser ikkje slik ut men det er altså eit fargebilete:-)
Grått kan også vere fint:-)
Og sjølv den gråaste dagen kan ha sin sjarm.



Den dagen sola kjem,
gløymer vi alle regnværsdagane, 
og Sunnmøre er nok ein gong den finaste plassen på jord:-)

1 kommentar:

  1. Vakkert, Mari! :-) Grå e ikkje bare grå - det e utallige nyansa av grått! Nyt dagen! :-)

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.