tirsdag 25. februar 2014

Veggcollage


 
 
Fekk lyst til litt forandring på stoveveggen,
så eg laga meg ein collage. 
 
 
Reiv ut sider frå magasiner og ein utgått kalender med fine bileter.
Supplerte med nokre eigne foto og stjerner som eg har bretta sjølv.


Enkelt, billeg og fort gjort,
og blir eg lei er det enkelt å skifte ut:-).

lørdag 22. februar 2014

Vårstemning i stova



 
I dag koste eg meg med nytt interiørblad,
 og drakk te av min nye kopp frå Green Gate.
Må berre innrømme det,
eg har heilt koppedilla!
 
 
Også på spisebordet er det vårlege tendensar:-).
 


Beklager kornete bileter,
var for lat til å leite opp stativet og måtte dermed skru opp ISO'en.
Ha ein herleg laurdagskveld!

 

fredag 21. februar 2014

Restegarn prosjekt completed!

 
Og det berre på litt over ei veke!
Har hatt vinterferie attmed borna og det har blitt en del hekling og OL titting:-)


 
Elvira er heldigvis veldig fornøgd med teppet sitt.
 
 
Og slik har det altså sett ut på stovebordet heile veka:-)
Ein haug med restegarn og fjernkontrollen, he, he.
Neste prosjekt blir OL hua,
har aldri hekla hue før så det blir spennande å sjå om eg får til.
God helg alle saman!
 


søndag 16. februar 2014

Restegarn prosjekt forsetter

 
 
 
 
I dag har eg så smått begynt å sy saman lappar, og det kjedlegaste av alt;
festa endane på alle rutene eg har hekla så langt.
 
 
Det er vel det verste med slike bestemorruter, alle endane som må festast.
 
 
Iallefall greit å ta litt etterkvart,
 så eg ikkje sit igjen med alle endane til slutt.
 
 
Det skal ikkje bli eit kjempestort teppe dette her,
men har likevel mange ruter igjen som skal heklast.
 
 
Aldri fred å få!
Slitsomt med desse kattungane som berre vil leike, synes Tom.
 
 

fredag 14. februar 2014

Restegarn prosjekt

 

Fekk ei stor boks med restegarn frå mi strikkekyndige mamma,
masse fine fargar!
 


 
Kosar meg med å hekle bestemorruter igjen.
 
 
Bestemorrutene skal bli til eit fargerikt pledd til Elvira på sju år.
Då passar det bra at ho er veldig glad i farga:-).
 
 
 
 


søndag 9. februar 2014

Eit lite livsteikn

 
Bileta i dette innlegget tok eg forge helg,
det skjer ikkje så fort med meg for tida...

 
men desse vakre rosene står faktisk like fint denne helga:-).


 
 Lyshusa frå Søstrene Grene fekk eg til jul frå mamma.


Dei hekla grytelappane til høgre i bilete er eg nyleg ferdig med.
Hekla mange av desse før jul men gav vekk alle,
desse skal eg behalde sjølv.
 
 

mandag 27. januar 2014

Ny pus og nytt teppe!

 
Her er Messi som har budd hjå oss i snart to månander,
og for omtrent like lenger sia vart eg ferdig med dette teppet.
 


 Messi er oppkalla etter det min fotballgalne son meinar er verdas beste fotballspelar:-).
Den vart lenge kalla for Grytebust etter keeperen på Aafk,
men Elvira var forståeleg nok ikkje heilt begeistra for det navnet.


 
Messi er forøvrig ei jente,
trur me;-).
 

søndag 26. januar 2014

Blomar og lysare tider

 
 Dagane blir litt lengre for kvar dag, heldigvis.
 

 
 Med meir dagslys håper eg at inspirasjonen til å vere kreativ vender attende:-).

tirsdag 26. november 2013

Julestemning


 Den einaste plassen i huset ein finn eit snev av julestemning er i vinterhagen.
I fjor masseproduserte eg stjerner,
og her har eg hengt opp nokre av dei.
 
 
Dei av pellargoniane eg berga inn før frosten kom står framleis fint i blomst.

 
Har leita fram gamle juleblad og bøker for inspirasjon.



Vinterhagen har fått stå i fred i heile haust,
på tide å ta den i bruk att!
Vi har varme i golvet så det går fint å bruke den om vinteren også:-)