mandag 28. mai 2012

Litt galskap


Kvifor henge eit speil, ein kjole og vesker oppi eit kirsebærtred?



Eg veit ikkje...av og til får eg slike rare idear.



Denne kjolen kjøpte eg i Danmark for mange år sidan.



Her med kjolen på, he, he.
Morsomme vesker ikkje sant?



Eit lite glimt av meg, for fyrste gong på bloggen min.
Foretrekk å vere litt anonym...


Bileta er tekne i hagen til foreldra mine.

lørdag 26. mai 2012

Blafrande i vinden



Farfalla

Papillon

Schmetterling

Mariposa

Perhonen

Butterfly

Sommarfugl


Det vrimlar av eksotiske sommarfuglar i hagen!




Dei blafrar i vinden.
Ynskjer sommaren velkomen!



Lykkelege over dei høge temperaturane vi har her på Sunnmøre no.

                                               



Ein klematis brukar vrihasselen til klatrestativ.





Sommarfuglane er eit fargerikt innslag i hagen.
Kanskje får dei snart selskap av den ekte varianten.

 


Sommarfuglane vart laminerte slik at dei skal tåle litt vær og vind.

Ynskjer alle ei fin pinsehelg!

Klem frå Mari






onsdag 23. mai 2012

Ut mot havet


Turen gjekk til Flø.
Ikkje så langt heimafrå,
 men langt nok til at det er noko heilt anna enn heime.


Denne gravemaskina var eit av høgdepunkta på turen,
iallefall visst du spør Linus.


To i full fart, Felix på sykkel og Elvira til fots.


Turens andre høgdepunkt;
ein kollosal stein!
Kan du skimte Felix, Elvira og Linus?



Litt vanskeleg terreng å sykle i synes Felix.


Det gjeld å sikte seg inn på alle søyler og dammer.
 At han ikkje har bakskjerm
og det spruter gjørme oppover ryggen spelar inga rolle...


 Full rulle!


På veg heim stoppe vi på denne stranda.
Nydeleg!

søndag 13. mai 2012

Gøy med spraylakk!


Mamma og eg kom over eit opphørssal for eit par år sidan.
Dette var ein typisk mannfolkbutikk med sal av bil-delar og verktøy,
men dei hadde også spraybokser!
 Vi enda opp med å hamstre store
mengder spraybokser i spreke fargar.
Kjekt å ha tenkte me:-)


 Planen var  å spraylakke hagemøblar.
Hagemøblar har eg ikke lakka, men derimot hyller, kommode,
lampeskjermar og andre ting og tang.
No minkar det drastisk på boksene.



Dei siste sprayprosjekta ser du her. 
Dyra er limt fast på låka med superlim og deretter spraylakka.
Fekk ideen inne hjå SignePling.


Dymoen måtte sjølvsagt fram igjen.
Felix ville ha O`boy pulver i glasa.


I glaset til venstre har me vanleg o'boy,
i det andre o'boy med jordbærsmak.
 Ein smak som fall i smak her i heimen.
Glaset med katten har Elvira fått.


Mi gamle settekasse frå då eg var lita.
Endeleg har den fått ny farge!
Gler meg til å pynte den opp med fine tapetar og papir.


Stettfatet var burgunderraudt,
og trengde sårt ein ny farge.
Lakken krakkelerte og eg måtte pusse og lakke på nytt.
Vart litt ujamnt, men med litt decoupage håpar eg å dekke over det.
Ser føre meg å pynte opp med sommarfuglar,
kjem vel ikkje som ei bombe det:-)


Ingen tvil om at dette er nellikar:-)


lørdag 12. mai 2012

Det spirar...


 ...i vinterhagen.



Desse spirane skal bli til nydelege blomstererter.
Gler meg til å kjenne den sterke dufta av dei
ein gong ut på sommaren.
I bakgrunnen to vatt-tepper frå Jysk.
Dei minner om sol og varme.



Ikkje akkurat så veldig sommarsleg her på Sunnmøre.
Våren har hittil vore kald med snøbyger i hytt og pine...




Håper på litt varmare vær snart,
så eg kan plante ut desse spinkle spirane mine.
Akkurat no er dei ute og lufter seg,
har så smått begynt å herde dei.
Dei er så skjøre desse små spirane.


Fleire håpefulle:-)
La dei vokse seg store og fine.


Har også også prøvt meg på solhatt og stokkrose.
Spirane som såvidt kikar fram er solhattane.
Blir spanande å sjå om eg får dei til.



Og desse skal bli til stokkroser.
Her må eg verkeleg smøre meg med tålmod.
Blomar året etter såing står det på pakken.
det såg eg først etterpå...