onsdag 30. oktober 2013

Nytt teppe på gong!

 
I vår hekla eg eit liknande teppe til mamma,
og no har eg begynt på eit til meg sjølv:-)
Sist brukte eg fargar etter ei oppskrift,
 men denne gongen har eg valgt fargane sjølv.
 
Dette skal bli laaangt, men framleis er eg ved godt mot:-).

 

søndag 27. oktober 2013

Søte skyer

 
I dag feira vi skjønne Athina sin fyrste bursdag!
I siste liten heiv eg meg rundt ( i dag ) og sydde eit par skyeputer.
 
 
Synes at dei passar fint inn på rommet hennar:-)
 
 
Måtte berre ta eit bilete av kjolane til vesleprinsessa,
så søøøøøte:-).

 

søndag 20. oktober 2013

Flø

 
I dag tok vi oss ein liten tur til Flø.
 

 
Ein fantastisk flott dag i dag!
Vi ser Runde bak til høgre.
 

 
Her ser vi mot Godøya.
 






 
Kan ikkje hugse sist vi hadde ein så flott haust som i år!:-)

lørdag 19. oktober 2013

Mine tekanner


Tekannene mine har fått plass øverst i kjøkkenhylla,
og der synes eg at dei tek seg godt ut:-).
Alt i midtahylla er keramik frå Kari Giebelhausen.
 



Muggane mine, som tidlegare sto på kjøkkenhylla, har fått plass i kjøkkenskapet.
Altså, ingenting revolusjonerande nytt her i heimen,
men vil ynskje alle ei fin laurdagskveld!
-Mari-


tirsdag 15. oktober 2013

Glimt frå Norangdalen

 
 Norangdalen i Ørsta må vere ein av dei vakraste dalane i landet.
 





 
 
Bileta er tekne på to forskjellige dagar,
den eine dagen litt gråare enn den andre.
Biletmessig, synes eg at eg på slike dagar,
 ofte får meir spennande bileter, enn på dagar med sol og skyfri himmel.
 

Klenodium




Tvilar diverre på at denne kjem på vegen att.
 
 


mandag 14. oktober 2013

Plantebord

 
Dette plantebordet kjøpte eg på ein gjenbruksbutikk for mange år sia.
Etter nokre år i kjellaren har det fått kome opp i stova igjen.
 
 
Bordet var brunt, men har no fått eit par strok med kvitmåling for å passe betre inn.
 

Og i dag måtte eg fram med saksa igjen:-)


søndag 13. oktober 2013

Haust


Vi har hatt usedvanleg mange fine dagar denne hausten!

 
Dei kjekkaste turane for dei to minste er ofte dei korte;
gjennom hagen, over marka, langsmed elva og over marka opp til skogkanten.
 

 
 Denne gongen var det Max som vart med på tur.
Den som var like spenstig og mjuk som ein katt...
 
 
Maten smakar mykje betre ute i det fri:-)

 
Ynskjer alle ei fin, ny haustveke!

lørdag 12. oktober 2013

Laurdagskveld


 
Kjekt å kunne plukke blomar i hagen i oktober,
sjølv om det sjølvsagt minkar på utvalet.

 
To par nye grytelappar på gong,
kosar meg med å sette ihop fargar.
No er det hekling og Skal vi danse!
Ha ein fin laurdagskveld!