tirsdag 7. februar 2012

Vårleg vegg?



Månadens utfordring på NIB ( norske interiørbloggere ), er vårlig vegg. Dei oppfordrar til å pynte smartpanelen ( viss ein har det ) for å skape vårstemning. Som fersk interiørbloggar blir det første gong eg deltek på denne utfordringa. Gøy!


Personleg er eg glad i alle årstidene og nyter faktisk at det er vinter no. Likevel er eg glad i fargar så litt vårstemning inne kan ikkje skade. Har leika meg på arbeidsrommet med fargerik vimpelrekke ( printa ut frå ein nederlandsk blogg eg ikkje hugsar namnet på ), bøker og foto, fine bokser og Elvira sine søte, blomstra støvler som diverre har blitt for små.



Når eg ser resultatet no så vart det vel meir sommarsleg enn vårleg..... Teikninga på veggen teikna Elvira då ho var berre tre år. Ho har alltid hatt ein herleg strek. Dei to svart/kvitt bileta i ramer, tok eg av mine to eldste barn då dei var små. Er veldig glad i desse to fotografia. Likar at dei er naturlege og i rørsle, ikkje oppstilte:-)


Elvira og Linus insisterte på å få vere med på bilete:-)

Klem frå Mari



3 kommentarer:

  1. Hei på deg!!

    Kjempfine bilder du viser!! Så vårlig og fint!!
    Fin tirsdag til deg:-)

    Klem

    SvarSlett
  2. Hei!! Takk for fine ord hos NIB :) Mange fine friske farger her oss deg og! Flott vårlig vegg, og for noen sjarmtroll du har :)

    SvarSlett
  3. Hi, i love to see my flags on your nice blog and in your room, Jurianne Matter made them for the opening of our new shop www.hippekippe.nl , i now have an new fdl on my blog also made by jurianne if you like ,
    http://wiggyslife.blogspot.com , love from Holland, gr Ilse.

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.