lørdag 11. februar 2012

Jysk skap i ny drakt





Her er det omtalte skapet med pip tapet på frontane! Då vi pussa opp kjellaren i fjor, hadde eg sett meg ut dette skapet frå Jysk. Vi har eit klesskap på soverommet frå same seria ( Liva ), så eg visste at kvaliteten var bra. Eg tok dermed turen til Jysk, berre for å finne ut at dei ikkje førte denne seria meir... Vart kjempeskuffa, men i haust kom eg tilfeldigvis over ei annonse i Sunnmørsposten, med akkurat dette skapet til salgs på grunn av flytting! Fekk då skapet billeg og ikkje minst ferdig montert!



Skapet måla eg kvitt og dørene vart dekorert med tapetrestar. Det er nok denne tapeten som går igjen mest her i huset:-) Til slutt fekk det nye, fine knottar.



Skapet er i eik og var faktisk fint som det var, men eg angrar ikkje på forvandliga. Skapet er no både dekorativt og praktisk!
Ynskjer alle ei fin helg!

6 kommentarer:

  1. kjempe flott blei det ihvertfall!! Heldig som fekk skapet billigare i tillegg :)
    God helg til deg :)
    Anna Lisa

    SvarSlett
  2. Heia! :)
    Skapet ble helt nydelig. <3
    Flaks du fikk tak i det likevell da!

    God helg til deg!

    Klem Marlene

    Ps: Jeg vasker forresten PIP-serviset i maskina.. uendelige ganger. Har ikke merket noe kvalitetsforskjell enda. Som sagt, de er kjøpt for å brukes. Om de blir litt "slitt", så pytt. ;)

    SvarSlett
  3. Heisann:) Kjempe flott skap:))Likte de skapdørene med tapeten:))
    utrolig fint!!!

    Ha en fortsatt fin helg:))

    Hilsen Ragnhild

    SvarSlett
  4. Så fint skapet ble! Fin helg til deg:)

    SvarSlett
  5. Hei,

    Flott blogg du har her, og nydeleg skap. Veldig søtt med fuglar!

    Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Ingunn! Kjekt du har tatt deg tid til å kike på den. Kanskje me kan få oss ein skitur i påska? Klem

      Slett