Eg er visst i sommarmodus for tida og har gjort eit djupdykk i arkivet.
Leikarhytta til ungane har vi bygd sjølve, det vil seie min kjære:-), utan arbeidsteikning eller ein fullstendig plan før vi sette i gong. Vegen blir til mens ein går er vel litt typisk oss!
Hytta vart mykje meir omfattande og tidkrevjande enn vi hadde forespegla oss,
men resultatet er vi fornøgde med!

Linus har alltid storkost seg i hytta.
Elvira sørger for at blomane trivast.
Gode minner!
På fire årsdagen til Elvira var værgudane med oss.
Ikkje så vanleg på desse kantar.
Døra er to-delt, så ein kan opne berre øvste del om ein vil.
Kjekt når ein blant anna skal leike kiosk!
Her er det kø for å få pølse og brus. Godteposane heng i plommetredet.
Skal det vere eit kakestykke?
Storsjarmøren vår!
Hytta har også hems med vindu og fin utsikt!
Vindauga er store, så ein får masse lys inn.
Biletet til headeren min er som dokke ser teke i hytta!
Denne hylla har eg lakka rosa, deretter har eg tapetesert ei plate som eg har spikra fast på baksida.
Kjøkkenhjørnet.
Linus inviterer til teselskap. Vil du kome?