Her ein dag fekk eg så lyst til å printe ut nokre av bileta mine på boksider,
vart litt fin effekt synes eg.
Fotografia på biletet til høgre er mine surrealistiske sjølvportrett eg tok på Island i fjor.
Faktisk for akkurat eit år sia denne veka,
jammen går eit år fort.
Har eit stort ynskje om å reise tilbake dit snart:-).
Med det same eg var i printemood, trykte eg også ut nokre bilete av vår nymåla kabeltrommel.
Tok dei i slutten av august, det var eit slikt nydeleg kveldslys.
Kjekt å ha nokre bileter på papir og ikkje berre på skjermen:-).
A4 bileta har eg reve ut av interiørblad,
dei andre er mine bileter.
Veldig kjekt å sitte her i den nye arbeidskroken,
sit her faktisk i skrivande stund:-).