mandag 13. august 2012

Prosjekt på gong


I ei gråværsperiode litt tidlegare i sommar må eg innrømme at eg var temmeleg værsjuk.
Kvar morgon sto eg opp, kika ut vindauge, berre for å sjå skodda langt ned i fjella.
 Dette gjentok seg i dag etter dag, veke etter veke.
Det var for då eg gjekk laus på kjøkkeninnreiinga med måling og tapet.
Faktisk merka eg at humøret steig i takt med endringane.
Skal ikkje meir til for ei enkel sjel:-).
Frontane vart lakka for nokre år sida med fargen latte.
No blir dei heilt kvite både utvending og innvendig. Inni var dei tidlegare umåla.
 Tapeten og målinga friska slik opp at eg vurderer å ha opne skap ei periode!


No har det diverre vore stillstand ei stund med dette prosjektet.
 Som du ser på biletet over målar eg litt og litt. Det går ikkje så fort framover...
På hjørneskapet ser du lattefargen på venstre døra, temmeleg mørkt i forhold til det kvite.

 

Framleis gjenstår mesteparten av målingsarbeidet.
Frontane nede skal eg måle isturkis.
 Kanskje til og med oppvaskmaskina får seg ein sving med målekosten!
Oversiktsbilete kjem når eg ein gong blir ferdig.

In a period this summer when the weather was rather dull,
I started to paint the kitchen cabinets inside and outside,
and also used wallpaper on the inside.
Now I'm so happy with the result that I'm considering to leave the doors, at least for a period.
Still, I have most of the cabinets left to do. I'm moving slowly forward. 

5 kommentarer:

  1. Oi! Det vart jo kjempefint! Ikkje så nøye med den skodda lengre, når du kan sjå inn i desse kjøkkenskåpa :)

    SvarSlett
  2. Så fargerikt og fint!
    Kult med tapet inni skapene!!!
    Og så mange søte kopper og skåler du har!!!
    Ha en fin ny uke :-)
    Klem!

    SvarSlett
  3. Åååå så koselige kjøkkenskap. Kjempefint. Ha ei kjempefin uke!

    SvarSlett
  4. Kjempefint:))Stiligt med tapet inni skapa:)
    Fin ny veke til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  5. Så fint! Jag skulle helt klart skippa att sätta upp skåpsluckorna igen, det är så härligt att se allt det färgglada porslinet! Super!

    SvarSlett