mandag 27. august 2012

To fine muggar

To av mine favorittmuggar!
 Muggen til venstre er frå Stavangerflint. Trur den er frå sekstitalet, nokon som veit?
Den litt større muggen er forholdsvis ny og handlaga av Ingeborg Rørvik Lejon.
Ho driv butikken og verkstaden Mekko i Volda sentrum.
Anbefaler alle eit besøk der. Har du ikkje høve til å stikke innom, har ho ei heimeside.
 
Two of my favourite jugs!
The jug to the left is Norwegian design: Stavangerflint. I think it's from the sixties.
The bigger one is handmade by Ingeborg Rørvik Lejon.
Her shop and workspace is located in my local town Volda. I recommend a visit,
or you can visit her Homepage.
 


søndag 26. august 2012

Morellebær

I hagen har eg eit lite morellebærtre.
Eg elskar morellebær, men det er eg diverre ikkje åleine om.
Her er det nok fuglane som har kost seg.

In the garden I have a little cherry tree.
I love cherries, but unfortunelately I'm not the only one.
I think the birds had a party in my tree.

lørdag 25. august 2012

Tyggis

 
Toppen av lykke er tyggis:-). Det synes iallefall Linusen min.
 
 
My little boy Linus loves chewing gum:-)

fredag 24. august 2012

Gamle bileter



 
Får av ein eller grunn ikkje lasta inn nye bileter,
 men desse hadde eg allereie lasta inn på bloggen min.
Likevel er det berre det fyrste bilete eg har vist fram før.
På bilete er Felix 2 år og på ferie på Kreta,
no har han blitt åtte år og tredjeklassing!
 
Tilbake til mitt problem med å laste inn bileter frå datamaskina.
Kanskje er det nokre av dokke andre bloggarar som har vore ute for det same?
Når eg prøver å laste inn bilete får eg beskjed om at:
Opplasting mislykkes:
Tjeneren gav et ugyldig svar.
 
Slik har det vore i fleire dagar no.
 I byrjinga hende det at eg klarte å laste inn eit bilete, innimellom alle forsøka.
Eg treng hjelp!
Kan vere kjekt med data, men innimellom er det også noko herk,
når ikkje ting fungerer som dei skal.
 
Ellers vil eg ynskje alle ei kjempefin helg!
klem til den som vil ha:-)
Mari


mandag 20. august 2012

Skulejente




Lisje, store jenta mi hadde sin fyrste skuledag i dag.
Det er både vemodig og fint.
Ei ny epoke.






My big, little girl had her first day at school today.
I feel both sad and proud.
A new era.

søndag 19. august 2012

Monochrome i august




Tenkte det var på tide å delta i ei utfordring igjen,
det er lenge sia sist.



Deltek med dette biletet i utfordringa monochrome i august i Fotoringen.
Biletet er henta frå mitt prosjekt der eg fotograferer forlatte hus.
Heile prosjektet har gått litt i gløymeboka i sommar,
håper på å få gjenoppta prosjektet snart.
Trykk HER viss du vil sjå dei andre bidraga!

It's about time to contribute in a new challenge,
haven't done for a long time.
Fotoringen challenges you to show a monochrome photograph.
This image is from a project i'm working on "abandoned buildings",
however it's been a long time since i photographed for it.  
I should get back into it again. 

torsdag 16. august 2012

Uteplassen


Har ikkje vist bileter av uteplassen vår framfor vinterhagen før.


I murane bruker vi naturstein og plattingen er sibirsk lerk.
Vi prøver å gjere det mest mogleg vedlikehaldsfritt.
Delar av uteplassen ser framleis ut som ein anleggsplass,
men vi er fornøgde med det vi har gjort så langt.






Her støyper vi mur,
men så vart det stillstand då mannen reiste på sjøen.
Målet er å få skikk på det som står igjen i løpet av hausten.
Det skal bli veldig godt å bli ferdig,
og det reknar eg med nærmaste nabo også synes som har utsikt mot anleggsplassen....

I haven't shown you pictures of the area outside our conservatory before.
In the stonewall we have used natural stones, and the floor is Siberian larch.
We try to make it maintenance free:-)
Parts of the patio still looks like a construction site,
but we are pleased with the parts we have finished so far.

Now my fisherman is on the sea, so nothing happens at the moment.
The aim is to finish it this Autumn.
 We will be so happy when it's done,
and I'm sure our neighbour with the view to the construction site agree...








onsdag 15. august 2012

Gåver

Må berre vise fram fleire av dei flotte gåvene eg fekk til bursdagen min.

Hønepøne

Ein bukett solsikker.

Den søtaste boksa.
Boksa inneholdt verdens beste bringebærdrops og sjokolade.
Snacks skåla er ei gåve til meg frå meg:-)
Med den fargen måtte den bli mi.

 Boks frå House Doctor som inneholdt desse fargerike sommarfuglane.





Sommarfuglane flaug ut vindauge og enda opp i plommetredet:-).
Så fiiiine!


Have to show you more of  the nice presents I got for my birthday.
The butterflies flew out the window and ended up in the plum tree:-)
They are so pretty!


tirsdag 14. august 2012

Myntelimonade



Har fått skikkeleg smaken på myntelimonade.
Ekstra friskt smakar det på solrike, varme dagar,
på slike dagar som vi hadde i dag.
Mynte har eg heldigvis i rikeleg monn i hagen.




Oppskrifta fann eg i denne kjekke boka Krudtugler og kanelsnurrer.





I dag tok eg med meg limonada ned til fjøra.
Vi har hatt ein fantastisk sommardag her på Sunnmøre.
Håper sola skin der du bur også!

I love to have mint lemonade on warm days, like we had today.
I'm lucky to have plenty of mint growing in the garden.
Today we enjoyed the lemonade by the sea.
I hope the sun are shining on you as well!


mandag 13. august 2012

Prosjekt på gong


I ei gråværsperiode litt tidlegare i sommar må eg innrømme at eg var temmeleg værsjuk.
Kvar morgon sto eg opp, kika ut vindauge, berre for å sjå skodda langt ned i fjella.
 Dette gjentok seg i dag etter dag, veke etter veke.
Det var for då eg gjekk laus på kjøkkeninnreiinga med måling og tapet.
Faktisk merka eg at humøret steig i takt med endringane.
Skal ikkje meir til for ei enkel sjel:-).
Frontane vart lakka for nokre år sida med fargen latte.
No blir dei heilt kvite både utvending og innvendig. Inni var dei tidlegare umåla.
 Tapeten og målinga friska slik opp at eg vurderer å ha opne skap ei periode!


No har det diverre vore stillstand ei stund med dette prosjektet.
 Som du ser på biletet over målar eg litt og litt. Det går ikkje så fort framover...
På hjørneskapet ser du lattefargen på venstre døra, temmeleg mørkt i forhold til det kvite.

 

Framleis gjenstår mesteparten av målingsarbeidet.
Frontane nede skal eg måle isturkis.
 Kanskje til og med oppvaskmaskina får seg ein sving med målekosten!
Oversiktsbilete kjem når eg ein gong blir ferdig.

In a period this summer when the weather was rather dull,
I started to paint the kitchen cabinets inside and outside,
and also used wallpaper on the inside.
Now I'm so happy with the result that I'm considering to leave the doors, at least for a period.
Still, I have most of the cabinets left to do. I'm moving slowly forward. 

søndag 12. august 2012

Eyecandy


Fyllte år for eit par dagar sidan
og fekk dette vakre settet frå Royal Albert,
med kopp, tefat og fat.




Snop for augene!




Til bursdagen min i fjor fekk eg dette nydelege settet,
også frå Royal Albert.




Settet kjem i ei veldig flott boks,
den har eg planer om å tapetesere.


Det finns så utruleg mykje fint i denne seria!


Gjett kva eg ynskjer meg til jul?;-)

It was my birthday a couple of days ago.
One of the presents was this teacup, saucer and plate set( polka rose )
 from Royal Albert. It's so beautiful, what I call eyecandy.
The other set on the picture I got for my birthday last year.
Guess what I want for Christmas?;-)