Live med bloggen Lidyll hadde eit
DIY prosjekt på korleis ein enkelt dekorer ein vegg med polkadotter, for eit par veker sidan.
Eg vart kjempeinspirert og leita opp tapetrestar og papir.
Etter mykje leiting fann eg også ein passar,
men sjølvsagt utan bly.
Så gjekk det enno stund før eg hugsa å kjøpe bly.
Då var eg endeleg klar til å sette i gong,
og eg klippte og klippte,
polkadotter i forskjellige fargar og storleikar.
Polkadottane vart lagt i press i ei bok,
og dermed gjekk dei litt i gløymeboka,
heilt til i går.

Det er polkadotter på bilen til minstemann,
så den måtte sjølvsagt vere med på biletet.
Ned med harepusane (som har hengt sia påske...)
og opp med polkadottane!
Hengte også opp nokre papptallerkenar eg hadde liggande.
Den største var dekorert med sommarfuglar,
så då pynta eg også dei einsfarga papptallerkenane
med sommarfuglar.
Dei blålilla polkadottane har eg klippt ut frå ein servietthaldar.
Ein må bruke det ein har!
Gøy å få leike seg på ein heil vegg!
Gjekk litt amokk, skal innrømme det,
men synes at resultatet vart fargerikt og leikent.
Akkurat som eg likar det:-)
Vil du lage dine eigen vegg med polkadotter trykk her og bli inspirert du også!
God helg!