lørdag 28. januar 2012

Min fascinasjon for tred

                 

                                            Då eg var lita klatra eg mykje i tred.





Nokre tred fekk til og med namn; klatretredet som stod midt i tunet, Tarzantreda og Kosetredet.
Alle var spesielle.





  I Tarzantreda slengde vi oss frå tred til tred og trudde vi var Tarzan. I eit av desse treda pleide eg å henge oppned etter føtene medan eg åt surgras frå bakken. I Kosetredet hadde vi kvar sin faste plass, og der klatra vi opp kvar gong vi hadde fått has på noko søtt:-). Min plass var nesten i toppen av tredet, og der kunne eg halvt ligge medan eg tygde på favorittsjokoladen min. Dette er artige barndomsminner. Diverre tok nyttårsorkanene dette tredet.




Vi bygde også hytter i tred, dog ikkje så fine som den ovenfor. Ein gong bygde vi ei trehytte med tre etasjer. Syskenbarnet mitt hadde øvste etasje, eg mellomste og bror min nedste etasje.


Tred har alltid fascinert meg...


Ønsker alle ei fin, fin helg!

6 kommentarer:

  1. Heisan
    Aller først; tusen takk for fine og inspirerende ord til meg!
    Så; herlige, herlige trær og så morsomt med trekort i kvistene!!! Jeg er også så fascinert av trær.
    Fin helg til deg!
    Stor hilsen fra Kaspara

    SvarSlett
  2. Gratulerer med kjempefin blogg, Mari! Du er utruleg kreativ- og det har eg alltid visst:-) Eg har også eit litt spesielt forhold til tre, td likar eg veldig dårleg når store, gamle tre blir saga ned.... Håper du og dine har det bra!

    SvarSlett
  3. Fine bilde av treda

    Det er vel med tred som med hender at ein set mest pris på dei om dei e blitt brukt til noko som gjer glede..

    Mvh
    Njål

    SvarSlett
  4. Hei på deg!!

    Fant bloggen din i dag!! Likte headeren din så godt, så sommerslig og fargerik!
    Følger deg gjerne!!
    Fine bilder og stilige trekort på kvistene:-)
    Fin uke til deg:-)))
    Klem Fru Samuelsen

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Fru Samuelsen!
      Så hyggelig at du vil følge bloggen min, det sett eg kjempestor pris på. Og tusen takk for fine, inspirerande ord til meg. Gøy at du likar headeren, det bildet er tatt i leikarhytta. Eg har også lagt meg til som følgar på din fine,fine blogg, og gler meg til å følge deg vidare.
      Klem frå Mari

      Slett
  5. For en flott ide, kanskje jeg skal teste denne dekorative oppsatsen nede i gangen min eller på loftstuen, ( i så fall skal jeg linke til bloggen din:)

    Takk for inspirsjon:)


    Flott helg til deg:))

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.