tirsdag 8. mai 2012

Nytt møter gamalt 2


Det er ei stund sida eg måla og trekkte opp desse stolane, men eg har ikkje vist dei på bloggen før.
Med bilete over deltek eg også på NIB si utfordring Nytt møter gamalt.
Stolane har eg arva og dette er andre gong eg har måla dei og trekkt opp seta.
I bakgrunnen ser du skjenken som eg har arva frå mine besteforeldre.
Oppå skjenken er mine bøker, bileter og pynteting av nyare dato.
Under skjenken skimtar du ein gamal koffert kjøpt på gjenbruksbutikk.
I den oppbevarer eg fotoalbum.


Alle stolseta har forskjellige stoff.
Det knallrosa er restestoff frå Jysk.
Dei lyse med blå og raude sommarfuglar på, er frå gardinprøver som eg har fått gratis.
Og dei andre tre er Tildastoff kjøpt hos Panduro.


Stolane står sjølvsagt ikkje slik til vanleg, he, he.


Til vanleg står dei rundt spisebordet du ser i bakgrunnen.
Det er også arva frå besteforeldre.
Eg har to klaffar til det som eg bruker når det trengst.


Stolkaos:-)

Fleire bidrag finn du inne hos NIB.



mandag 7. mai 2012

Konfirmasjonskort og konfirmant


Washitape! No har eg endeleg følgd straumen her inne på Blogglandia.
Fleire rullar har eg kjøpt meg, og i helga fekk eg for første gong leika meg litt med washitape.
Og det blir nok ikkje siste gong:-)


 Natt til søndag kom eg på at eg måtte lage konfirmasjonskort.
Det vart nok litt lite søvn den natta:-)
Resultatet vart ein kombinasjon av klipping, washitape og dymo.



 No skal eg tenke ut fleire måtar å bruke washitape på for dette var gøy!



Her er konfirmanten Silje og islandshesten Hilda.
Silje har på seg Sunnmørsbunad.


Værgudane var ikkje med oss denne dagen, til tider snøva det vassrett.
Heldigvis glimta sola til på ettermiddagen då eg knipsa desse bileta.
Vinden var skikkeleg sur, så det var bitande kaldt,
men lyset var fint!


Eg er så heldig at eg er fadder til denne vakre, kjekke jenta!



Mor og dotter.
Så fiiine begge to!



fredag 4. mai 2012

Nytt møter gamalt!



Har valt å delta i NIB si utfording med dette biletet.
Utfordringa denne månaden er Nytt møter gamalt, og då syntes eg at det passa bra å bruke dette biletet.
Stålampen har fot frå 1920-talet, og lampeskjermen i taket har eg kjøpt på ein antikvitetsbutikk og spraylakka.
Skapet du skimtar til høgre har eg arva. Globusen er også gamal.
Ellers er vel resten av forholdsvis nyare dato. Tapeten hadde eg opp rett før påske og polkadottane no nyleg.
Polkadottane fekk sitt eige bloggeinnlegg, du kan lese om det her!
Sofaen kunne eg tenkt meg å trekke opp, men veit ikkje om eg torer å prøve meg på eit slikt omfattande prosjekt....
Enn så lenge så er det no om ikkje anna praktisk med skinnmøblar med tre barn i hus.

Dette er faktisk tredje gong eg deltek på NIB sine utfordringar med denne veggen.
Den har gått gjennom eit par forvandlingar i år kan du sei.
 Første gong eg viste bilete av den hang det eit rosa stoff bak sofaen:-)
Alle gode ting er tre:-)

Mange fine bidrag viss du har lyst til å kike innom NIB. Trykk på linken under.
.http://norskeinteriorblogger.blogspot.com/2012/05/utfordring-mai-nytt-mter-gammelt.html

torsdag 3. mai 2012

Velkomen inn!


Velkomen inn er vekas tema hos Helene med bloggen Alt som er vakkert.
Det er ikkje mange som går i desse dørene lengre, men synes likevel dei passar til temaet.
 Bileta er frå eit langtids prosjekt eg har om forlatte bygningar.
Eg tek alltid eit bilete av inngangspartia til husa eg fotograferer.
Synes lyset er så vakkert på biletet over.


Denne døra er heilt nydeleg.
Litt trist at den ikkje lengre er i bruk.


Litt på skeiva og sjarmerande.
Dei nydelege haustfargane står så godt til fargane på huset.

Desse tre bileta er eit lite utval av inngangsparti eg har fotografert.
Eg kjem til å forsette med å fotografere dei same husa til forskjellige årstider og over tid.

onsdag 2. mai 2012

Morgonstemning


Motlys er månadens utfordring hos Øyeblikk.
Dette biletet frå Hovdevatnet tok eg sist november ein disig morgon.





tirsdag 1. mai 2012

Sommarfuglar!


Til påske klippte eg påskeharar,
no er det sommarfuglar som gjeld!



Kjøpte meg nyleg masse nye, fine papir på Nille
og det inspirerte til klipping!

 

 Papira har nydelege fargar og mønster.
Like fine på begge sider er dei også.






Måtte også pynte opp denne kassa på hjul:-)


Elvira dekorerte denne,
ho har visst arva klippedilla mi:-)
Trur vi koste oss like mykje begge to.

Dette vart nok eit innlegg med lite tekst og masse bileter:-)

Ønsker alle ein fin, solrik 1. mai:-)

Klem frå Mari




















fredag 27. april 2012

Polkadot love!


Live med bloggen Lidyll hadde eit
 DIY prosjekt på korleis ein enkelt dekorer ein vegg med polkadotter, for eit par veker sidan.
Eg vart kjempeinspirert og leita opp tapetrestar og papir.
Etter mykje leiting fann eg også ein passar,
men sjølvsagt utan bly.
Så gjekk det enno stund før eg hugsa å kjøpe bly.

 Då var eg endeleg klar til å sette i gong,
og eg klippte og klippte, 
 polkadotter i forskjellige fargar og storleikar.
Polkadottane vart lagt i press i ei bok,
og dermed gjekk dei litt i gløymeboka,
heilt til i går.


Det er polkadotter på bilen til minstemann,
så den måtte sjølvsagt vere med på biletet.


Ned med harepusane  (som har hengt sia påske...)
og opp med polkadottane!

Hengte også opp nokre papptallerkenar eg hadde liggande.
Den største var dekorert med sommarfuglar,
så då pynta eg også dei einsfarga papptallerkenane
med sommarfuglar.



Dei blålilla polkadottane har eg klippt ut frå ein servietthaldar.
Ein må bruke det ein har!




Gøy å få leike seg på ein heil vegg! 





Gjekk litt amokk, skal innrømme det,
men synes at resultatet vart fargerikt og leikent.
Akkurat som eg likar det:-)
Vil du lage dine eigen vegg med polkadotter trykk her og bli inspirert du også!
God helg!