Tenkte at det var på tide med litt fornying av denne veggen.
Opptil fleire gongar har eg vore inne på tanken om å tapetesere veggen igjen:-).
I staden brukte eg stoff, tapeter, lerret og bokser som eg hadde liggande.
Stoffa festa eg med teiknestiftar på baksida då eg ikkje fann att stiftemaskina.
Boksene er valnøttbokser som eg allereie hadde pynta,
men i tillegg limte eg tapet inni boksene.
Temaet er grønt, blomar, fuglar og sommarfuglar.
Ugla er loket på ei boks eg har.
Ved sia av sommarveggen min hengte eg opp ei stripe med dinosaurtapet.
Den er enkel å fjerne når eg blir lei då eg hengte den opp med teiknestiftar.
Skapet her har eg tenkt å måle når eg får ånda. Det har blitt så stygt oppå.
Kjekt når ein kan fornye med ting ein allereie har liggande.
Vasane har som eg har vist før er laga av kartongar,
no har eg skifta ut harepusdekoren med sommarfuglar.
Sommaren er her!