Då eg var lita klatra eg mykje i tred.
Nokre tred fekk til og med namn; klatretredet som stod midt i tunet, Tarzantreda og Kosetredet.
Alle var spesielle.
I Tarzantreda slengde vi oss frå tred til tred og trudde vi var Tarzan. I eit av desse treda pleide eg å henge oppned etter føtene medan eg åt surgras frå bakken. I Kosetredet hadde vi kvar sin faste plass, og der klatra vi opp kvar gong vi hadde fått has på noko søtt:-). Min plass var nesten i toppen av tredet, og der kunne eg halvt ligge medan eg tygde på favorittsjokoladen min. Dette er artige barndomsminner. Diverre tok nyttårsorkanene dette tredet.
Vi bygde også hytter i tred, dog ikkje så fine som den ovenfor. Ein gong bygde vi ei trehytte med tre etasjer. Syskenbarnet mitt hadde øvste etasje, eg mellomste og bror min nedste etasje.
Tred har alltid fascinert meg...
Ønsker alle ei fin, fin helg!