Har laga julete vimpelrekker i papir. Ei har eg hengt opp over ei døropning
og nokre heng i juletredet.
Likar å halde på med slike småprosjekt i papir.
I bestemors gamle tekopp har eg planta ein svibel.
Julestjerna kjøpte eg på Åhlens i fjor.
Katten vår Tom koser seg i vinterhagen vår som heldigvis overlevde
Dagmars herjingar natt til 2 juledag.
Dei vakre julekulene eg kjøpte hos Søstrene Grene i fjor ligg i fine skåler.
Og til slutt eit utsiktsbilete teke frå terrassa
våra nokre dagar før jul medan det framleis
var litt kvitt på markane. Ha ei forsatt god jul!
Mari