onsdag 19. desember 2012

Dekorative julekorger


Eg overraska meg sjølv med å lage desse!
Det trudde eg faktisk ikkje at eg var kababel til:-)

 

 
Må innrømme at eg var rimeleg heit i toppen i stund...
 
 
Men desto meir tilfredsstillande var det å knekke "koda".
 
 
No pyntar dei opp i vindauget på stova.
 
 
 
Vart inspirert av Elin med bloggen Fragmenter etter å ha lest DETTE innlegget.
Ho har også lagt ved ein link til mønster til desse korgene og mange fleire.
 
I surprised myself with making these.
I really didn't think I was cabable to:-)
 
 


mandag 17. desember 2012

Litt raudt


Fyrst i dag kom det fram litt raud julepynt!
 


 
Til og med eit par nissar har funne vegen opp frå kjellaren:-)
Dei fine flettakorgene har mamma laga.

lørdag 15. desember 2012

Svart og kvit jul...

 
...men berre i eit hjørne.
 Er nok altfor glad i fargar til å halde meg til berre svart og kvit.
 
 
Det siste er altså svarte stjerner! 
Eg har også bretta meg eit par stjerner der eg har brukt bilete eg har teke av tred.
Bileta er printa på akvarellpapir.
Kan sikkert vere gøy å prøve andre motiv også:-)
 
 
I natt vart det flytta litt rundt på ting.
Bytta ut alt på hyllene her,
og prøvde å halde meg til svart og kvit.
 
 
Likar dei nye, svarte stjernene mine:-)
Og skåla med harepusen på er ny, love it!
 
 
 
I dag har eg ommøblert,
 og i skrivande stund er her framleis temmeleg kaotisk.
Masse ting eg ikkje heilt veit kvar eg skal plassere.
Må nok bere ein del ned i kjellaren,
og heller ta med meg litt julepynt oppatt:-).
  
 
I dag er det forresten akkurat eit år sidan eg laga mitt fyrste bloggeinnlegg!
Tenk det, eit år går jammen fort...
 
Black and white Christmas...
but only in one corner.
I'm too much of a colour addict to stick to just black and white.
I have made several black stars,
and also a couple where I used some of my photographs of trees.
I printed them on thin water colour paper.
Today it's exactly one year since I started blogging:-)
 

fredag 14. desember 2012

Enkle julekorger

 
Inspirert av Kaspara fekk eg lyst til å lage enkle julekorger.
Det er så gøy med slike enkle og raske prosjekt!
 
 
Fyrst klipper ein ut to like store sirklar, eg brukte eit stort glas som mal.
Deretter bretter ein sirklane og limer dei ihop,
 tilslutt limer ein på hanken.
 
 
Kreativt rot:-)
 
¨
 
Denne gongen har eg brukt innpakningspapir, gråpapir, noteark,
tapet og fine papir som eg hadde på lager,
og i tillegg har eg brukt bilete av tred som eg har printa på tynt akvarellpapir. 
 
 
 
Eg brukte også dymoen på somme men dei har eg visst gløymt å ta bilete av.
No spørs det om eg ikkje skal avansere og prøve meg på ei fletta korg.
Wish me luck!;-)

søndag 9. desember 2012

Today...

...we went icescating on a nearby lake.

 
 
 
Such a beautiful day
 
 
A lonely boathouse

 
This cabin has certainly seen better days...
 
 
I like to be in the middle of the lake,
surrounded by nature. 
 
 
 
Me and my oldest son scated across the lake to the other side,
that's where I photgraphed the cabin.
 
 
We had quite a long period now with cold and sunny weather.
Perfect December weather I think:-) 

lørdag 8. desember 2012

Julestemning i vinterhagen

Har fått pynta litt i vinterhagen også.
 

 
 
 
 

 
 
 
 
Dette blir mitt bidrag nummer to til NIB si desemberutfordring Jul i vårt hus.
Viss du treng inspirasjon til å pynte til jul finn du det HER!
Så utruleg mange flotte bidrag!
 
Christmas in the conservatory!
This is my second contribution to NIB's challange; Christmas in our house.
If you need some inspiration for decorating your home try the link above:-)
 

fredag 7. desember 2012

Jul i vårt hus

er desemberutfordringa hjå NIB.
Har ikkje pynta så veldig mykje enno men blir sikkert meir og meir fram mot jul.
 
 
I år har eg som dokke sikkert har fått med dokke dilla på stjerner.
Ikkje få kveldar har gått med til bretting av stjerner.
 
 
Stjernene på veggen er laga av sider frå ei gamal bok og ei atlasbok.
Boksa med svibelen har også fått kart på seg.
 
 

Desse tredimensjonale stjernene har eg laga i tre forskjellige storleikar.
Her er det minste eksemplaret, synes at dei vart veldig søte.
Ikkje umogleg at nokre havnar på juletreet.
 

 
 
Harald synes at eg har blitt "harry", har nemleg fått meg ei lyslenke oppi hylla der:-)
Sjå ei masse fine bidrag HER!
 
Christmas in our house is the December challenge at NIB ( Norwegian Interior Designers ).
So far I haven't decorated a lot but I think I will decorate little by little up towards Christmas.
At the moment I'm crazy about stars, can't get enough of them.
 The stars on the wall are made out of maps and pages from an old book.
 I have made the threedimensional stars in three differet sizes,
and I think the small ones here are rather cute.
 

torsdag 6. desember 2012

Superenkel DIY

 Finn ei boks, denne fine er frå Blafre.
 Deretter klipper eg av sidene på ei fyrstikkøske og limer det i låket på boksa.
Vips! Vi har ei flott boks til oppbevaring av fyrstikker som gjerne kan stå synleg:-)
 
Find a box, this nice one is from Blafre.
Cut the sides off from a matchbox and stick it on the inside of the lid.
Voila! You have now a nice box to keep your matches in.
 
 
Måtte ha med vår nye søtnos denne gongen også.
Fia kjem som regel hoppande når det foregår noko.
Her er ho nysgjerrig på kva som skjer utanfor.
Ho vil så gjerne ut og prøver stadig å snike seg ut når nokon opnar døra.
Dessutan ser ho at Tom, vår andre katt går ut og inn som han vil.
Det er nok best vi venter ei stund til med å sleppe ho ut, iskaldt er det også.
 
Our sweet little Fia is a very curious kitten, here she is excited about something going on outside.
She is so keen to go outside and tries to sneak out the door when she finds an opportunity.
I think she has to wait a bit longer before she can be outside, she only lived with us for a week and also it's freezing cold. 
 
Her står boksa i hylla, lett tilgjengeleg når eg skal tenne stearinlys og fyre i ovnen..
 
Here is my new "matchbox" in the shelf, easy to reach when I need it.