Inspirert av Kaspara fekk eg lyst til å lage enkle julekorger.
Det er så gøy med slike enkle og raske prosjekt!
Fyrst klipper ein ut to like store sirklar, eg brukte eit stort glas som mal.
Deretter bretter ein sirklane og limer dei ihop,
tilslutt limer ein på hanken.
Kreativt rot:-)
Denne gongen har eg brukt innpakningspapir, gråpapir, noteark,
tapet og fine papir som eg hadde på lager,
og i tillegg har eg brukt bilete av tred som eg har printa på tynt akvarellpapir.
Eg brukte også dymoen på somme men dei har eg visst gløymt å ta bilete av.
No spørs det om eg ikkje skal avansere og prøve meg på ei fletta korg.
Wish me luck!;-)
Enkle og fine korger som er kjekke å lage! Eg likar godt utradisjonelle materialar til tradisjonell julepynt:) Då er det også lettare å få brukt dei fargane ein vil ha:)
SvarSlettGod helg!
Så utruligt fine korger,det hadde vært ein fin syssel for jentene for jammen er dei dekroative:)mellomste prøvde seg på flettehjerte her om dagen men fekk det ikkje heilt til men slike som du har laga var jo enkle,husker me lagde jo masse slike pluss lenker når vi var små og pynta med dei overalt:))
SvarSlettEin fine lørdag til deg!
God klem fra Lillian