Det er ei stund sida eg måla og trekkte opp desse stolane, men eg har ikkje vist dei på bloggen før.
Med bilete over deltek eg også på NIB si utfordring Nytt møter gamalt.
Stolane har eg arva og dette er andre gong eg har måla dei og trekkt opp seta.
I bakgrunnen ser du skjenken som eg har arva frå mine besteforeldre.
Oppå skjenken er mine bøker, bileter og pynteting av nyare dato.
Under skjenken skimtar du ein gamal koffert kjøpt på gjenbruksbutikk.
I den oppbevarer eg fotoalbum.
Alle stolseta har forskjellige stoff.
Det knallrosa er restestoff frå Jysk.
Dei lyse med blå og raude sommarfuglar på, er frå gardinprøver som eg har fått gratis.
Og dei andre tre er Tildastoff kjøpt hos Panduro.
Stolane står sjølvsagt ikkje slik til vanleg, he, he.
Til vanleg står dei rundt spisebordet du ser i bakgrunnen.
Det er også arva frå besteforeldre.
Eg har to klaffar til det som eg bruker når det trengst.
Stolkaos:-)
Fleire bidrag finn du inne hos NIB.


