fredag 27. april 2012

Polkadot love!


Live med bloggen Lidyll hadde eit
 DIY prosjekt på korleis ein enkelt dekorer ein vegg med polkadotter, for eit par veker sidan.
Eg vart kjempeinspirert og leita opp tapetrestar og papir.
Etter mykje leiting fann eg også ein passar,
men sjølvsagt utan bly.
Så gjekk det enno stund før eg hugsa å kjøpe bly.

 Då var eg endeleg klar til å sette i gong,
og eg klippte og klippte, 
 polkadotter i forskjellige fargar og storleikar.
Polkadottane vart lagt i press i ei bok,
og dermed gjekk dei litt i gløymeboka,
heilt til i går.


Det er polkadotter på bilen til minstemann,
så den måtte sjølvsagt vere med på biletet.


Ned med harepusane  (som har hengt sia påske...)
og opp med polkadottane!

Hengte også opp nokre papptallerkenar eg hadde liggande.
Den største var dekorert med sommarfuglar,
så då pynta eg også dei einsfarga papptallerkenane
med sommarfuglar.



Dei blålilla polkadottane har eg klippt ut frå ein servietthaldar.
Ein må bruke det ein har!




Gøy å få leike seg på ein heil vegg! 





Gjekk litt amokk, skal innrømme det,
men synes at resultatet vart fargerikt og leikent.
Akkurat som eg likar det:-)
Vil du lage dine eigen vegg med polkadotter trykk her og bli inspirert du også!
God helg!











8 kommentarer:

  1. dette er så gøy, veggen ble skikkelig fin :D

    SvarSlett
  2. For ein glad vegg :0) reine energi bomba kjente eg!!
    Takk for at du deler,det gav meg inspirasjon til å få rydda,pynta og vaska litt til helga..... Takk c",)
    God helg

    SvarSlett
  3. Artig! Her var det dottar i fleng, du:) Finfine fargar!
    God helg!

    SvarSlett
  4. Herlige, glade bilder! Fikk lyst til å leke meg på en vegg jeg også nå:)
    Du er så flink med farger og mønster!
    Håper du har en finfin søndag og om det er snø fortsatt så sender jeg litt sol!
    klem fra Cathrine

    SvarSlett
  5. For noen gla`bilder!
    Kom plutselig over bloggen din og legger meg til som følger, gleder meg til å se mer til deg! :)
    Ta gjerne turen innom meg hvis du vil, har en fin give away gående nå - kanskje du vil delta?
    Ønsker deg en god ny uke!
    Klem
    Camilla

    SvarSlett
  6. Så fint og enkelt! (Passar og bly gir meg assosiasjonar til tida på barneskulen...:-))

    SvarSlett
  7. Hei på deg, søte du*smile*
    ...så utrolig morro å se at du fant inspirasjon inne hos meg!
    Sånt gjør meg utrolig glad!*smile*

    ...superkul vegg fikk du også!
    Deilig med farger og lek! HURRA!*smile*

    Flott kveld videre til deg!
    Klemmer fra meg

    SvarSlett
  8. For en lur ide!Det er en veldig stor sansynelighet for at jeg hermer etter dette på min datter sitt soverom. Kjempesøtt og nytt:)

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.