lørdag 12. mai 2012

Det spirar...


 ...i vinterhagen.



Desse spirane skal bli til nydelege blomstererter.
Gler meg til å kjenne den sterke dufta av dei
ein gong ut på sommaren.
I bakgrunnen to vatt-tepper frå Jysk.
Dei minner om sol og varme.



Ikkje akkurat så veldig sommarsleg her på Sunnmøre.
Våren har hittil vore kald med snøbyger i hytt og pine...




Håper på litt varmare vær snart,
så eg kan plante ut desse spinkle spirane mine.
Akkurat no er dei ute og lufter seg,
har så smått begynt å herde dei.
Dei er så skjøre desse små spirane.


Fleire håpefulle:-)
La dei vokse seg store og fine.


Har også også prøvt meg på solhatt og stokkrose.
Spirane som såvidt kikar fram er solhattane.
Blir spanande å sjå om eg får dei til.



Og desse skal bli til stokkroser.
Her må eg verkeleg smøre meg med tålmod.
Blomar året etter såing står det på pakken.
det såg eg først etterpå...

4 kommentarer:

  1. Ja, det er ei fin tid vi er inne i:) I år skal eg så blomkarse etter gammalt, og det er vel på tide å få frøa i jorda. Ikkje dei store temperaturane her heller, og dei neste dagane blir visst ikkje betre... har no litt sol i dag i det minste:)
    God helg!

    SvarSlett
  2. så søte! det er så gøy når ting vokser rundt deg nå om våren :D

    SvarSlett
  3. Hei vennnen :)

    Så fint det spirer hos deg :) Og er vel ikke noe som dufter så godt som erteblomster...! :)

    Ha en fin lørdagskveld og kos deg :)
    Klem Lisa:)

    SvarSlett
  4. Flinke du er!!
    Har prøvd å så noken gongar sjølv...men enten er eg for seint ute eller so er det dårlige sommarar..
    Dei er blir skjelden store og blomstra stort sett ikkje før nattefrosten kjeme!!
    Einaste eg har fått til har våre tomatplantar :0)
    Bør vel kansje ta med at eg ikkje har grøne fingra helder..so kan vel ikkje berre skylde på været ;0)
    Lykke til med dine,håper dei veks til !! Er no so kjekt å følge med,og enda kjekkare når det blomstra...

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.