onsdag 9. oktober 2013

Teppe i sukkertøyfargar

 
Athina, på snart eit år, har endeleg fått seg teppe til dokkesenga si:-)

torsdag 3. oktober 2013

Nymåla hylle

 
Henta opp denne hylla frå kjellaren,
og måla den i same fargen som det gamle radioskapet eg måla tidlegare.
Alle blada og bøkene som låg stabla på golvet har fått plass i hylla.
 

 
Finn ikkje att dei originale føtene til hylla,
men har funne nokre som eg eventuelt kan skru på.
Er litt usikker på om eg skal ha dei på...må tenke på det ei stund:-)


onsdag 2. oktober 2013

Pute!

 
Den fyrste puta eg har hekla!
Berre å hekle to megastore bestemorruter:-)
Eg har laga mi pute slik at ho ikkje er lik på begge sider. 

tirsdag 1. oktober 2013

Fargerike grytelappar

 
Har snart hekla tre slike sett med grytelappar!
 
 
Dei kan sjølvsagt også brukast som underlag.

 
Supert til å bruke opp restegarn,
 og så er det kjekt å sette saman fargar.
Blir nok produsert mange slike utover hausten:-).


mandag 30. september 2013

Svarte skyer


men heldigvis berre i interiøret:-).
Ute er det knappast ei sky på himmelen.
 



 
Fleire skyer under produksjon!
 
 
Kanskje er det ei lita jente som får rosa skyer over senga si:-).
 
 


Hamstring

 
Knappar,
 
 
perler,
 
 
teipruller og bomullstråd,
 
 
papir,

 
og bomullsgarn i diverse fargar,
er noko av det eg hamstra på Tiger og Søstrene Grene i København.
Må ha noko å kose meg med framover på mørke haustkveldar:-).

mandag 23. september 2013

På bartekjøret:-)


 
Etter at eg hadde klipt ut ugler tenkte eg at det også kunne vere artig med bartar på ei snor:-)
 

 
Brukte barteteipen som mal. Limte den på tynn kartong og klipte ut.
Tilsutt sydde eg dei saman med maskin.
Enkel DIY!
 
Ha ein fin veke alle saman!
Heldige meg stikk ein tur til København:-)

søndag 22. september 2013

Ugler på ei snor...

...og ny farge på veggen.
 
 
Har gradvis vorte lei den grøne tapeten,
så den fekk eit par strok med isturkis.
 
 
Isturkis har vore favorittfargen min i fleire år,
og det ser ikkje ut til at eg går lei av den med det fyrste.
 
 
Veggen vart pynta med fugler i diverse varianter.
 
 
 Inspirasjon til å klippe ut ugler fekk eg av denne bordskånaren av ull.
Den er handlaga av Kari Indreeide Grimstad.
 
 
Med så mange ugler i hylla måtte eg sjølvsagt ha ei snor med ugler her også.
Desse sydde eg saman med symaskina.
 

 
 
UHUUU!

fredag 20. september 2013

Bartefat:-)

 
Likar litt humoristiske innslag i interiøret!
 
 
Bartefatet er kjøpt hjå Kremmerhuset.
 
 
Og det er også bartekortet:-)
God helg folkens!