torsdag 12. september 2013

I går ettermiddag...



 
...ville Elvira gå langs med elva og ner til skogen.

 
Vi er heldige som har naturen rett utanfor døra vår.
 

Pus følger som vanleg etter:-)
 


 
  Vakkert i skogkanten! 
 
 
Fantastiske røter!
 
 
Elvira synes den liknar på ei drageklo.
 


 
På veg heim. 
I ettermiddag / kveld stikk vi igjen ned,
ungane elsker å leike ved elva og klatre i treda.

onsdag 11. september 2013

Nytt på veggen i arbeidshjørnet

 
Her ein dag fekk eg så lyst til å printe ut nokre av bileta mine på boksider,
vart litt fin effekt synes eg.
Fotografia på biletet til høgre er mine surrealistiske sjølvportrett eg tok på Island i fjor.
Faktisk for akkurat eit år sia denne veka,
jammen går eit år fort.
Har eit stort ynskje om å reise tilbake dit snart:-).
 
 
 
 
Med det same eg var i printemood, trykte eg også ut nokre bilete av vår nymåla kabeltrommel.
Tok dei i slutten av august, det var eit slikt nydeleg kveldslys.
Kjekt å ha nokre bileter på papir og ikkje berre på skjermen:-).
 
 
A4 bileta har eg reve ut av interiørblad,
dei andre er mine bileter.
 
 
Veldig kjekt å sitte her i den nye arbeidskroken,
sit her faktisk i skrivande stund:-).


tirsdag 10. september 2013

Puter og bestemorruter


 
Max har verkeleg funne sin plass i den "nye"sofaen.
 
 
Putene er sydd av stoff som eg hadde på lager, utanom uglestoffet,
det kjøpte eg på Jysk.
Det turkise stoffet som eg har brukt på dei to minste putene,
 er i frå eit 70-tals putevar eg fekk med mamma.
Diverre så er mesteparten av det så tynnslete og holete at det er ubrukeleg.
Ganske tynt det eg har brukt også,
men synes fargen er heilt nydeleg så måtte bruke det likevel. 
Stoffa med valmuene og treda som er brukt på den minste puta til venstre er handprinta. 
Kjøpte dei på Etsy.com for nokre år sia av ei dame i Australia.
 Endeleg fekk eg brukt dei til noko,
og eg har framleis meir liggande.
 


Dette er baksida til tre av putene,
og som du ser har eg sydd konvoluttopning. (trur eg det heiter)
Veldig kjekt å sleppe å bale med glidelås:-).
 
 

Desse sukkersøte bestemorrutene skal bli til eit dokkesengteppe til ei lita tantejente:-)


 


søndag 8. september 2013

Mykje lys og mjuke pledd

 
Rekker akkurat å hive meg med på månadens utfordring hjå NIB,
som er Mykje lys og mjuke pledd.
 
 
Ikkje akkurat haustfargar her i huset:-).
 
 
Her i stova har det skjedd litt av kvart i det siste.
Den gamle skinnsofaen har flytta ned i kjellaren,
og har blitt erstatta med ei ramemadrass som har fått gule føter.
Madrassa har eg trekt med eit stoff eg hadde liggande.
Putene har eg sydd siste dagane,
og det var litt av eit prosjekt då det er minst to år sia eg brukte symaskina sist.
Bileta er lerret som har blitt trekt med stoff,
og hengde tidlegare på andre stova.
Ein del av same stoffa kjem att i putene.
 
 
 
 
Både små, store og firbeinte er fornøgde med vår nye, fargerike sofa:-).
Vil du sjå andre bidrag trykk HER!

torsdag 5. september 2013

Botanikk


I høve interiør og boligmessa som går av stabelen i Bergen 18-20 oktober,
blir det arraangert styling konkurranse.
Temaet i år er Botanikk og her er mitt bidrag. 


Det er mange år sia eg har hatt grøne planter i hus,
men nyleg kjøpte eg meg tre stykker.
 

 
Vi får berre håpe at eg klarer å halde liv i dei ei stund:-)
 
 
Frist for påmelding er 15 september,
bli med du også då!
 
Du kan lese om konkurransa og sjå fleire bidrag HER!
 

søndag 1. september 2013

Nymåla skap


Dette skapet som opprinneleg er eit radioskap fekk eg ein gong med besteforeldra mine.
 

 
 Det har fått stå som det er i alle år men har lenge hatt lyst til å måle det.
Endeleg kom ånda over meg!
 
 
 
 
Målinga er restar etter ein kabeltrommel eg måla,
så dette er utemåling:-).
 
 
 
 
Har ei hylle i same stilen som er vekkstua i kjellaren.
Trur jammen den skal få flytte opp i stova igjen,
men fyrst må den få seg eit strok måling:-).