tirsdag 3. april 2012

Fornying av bord



Glasbordet på stova har fått new look som det heiter på godt norsk:-)
Bordet var opprinneleg i mørk tre, men vart lakka kvitt for tre år sida.
Nedi skuffa måla eg det den gong lys turkis, men no var det på tide med noko nytt!


Har brukt restar av tapeten vi brukte på rommet til fem-åringen i huset.
Før hadde eg alltid blad, bøker og bileter liggande nedi denne skuffa,
men denne tapeten er for fin til å skjule.


Over bordet har eg sjølvsagt hengt opp harepusar i lysekrona:-)


Ein liten kar som gjerne vil vere med på bilete:-)
Kjedeleg når mamma driver å fotografer, så då setter han seg midt i motivet,
vil no gjerne ha all merksemd:-)







mandag 2. april 2012

Søt girlander DIY


Fann denne søte girlanderen inne hos Heart Handmade Uk
Der finn du linken visst du ønsker å lage ein sjølv.

Den finns i to fargar, blå som på bileta over og i fersken som nedanfor.
Visst du treng litt påskepynt i siste liten tek ikkje denne så lang tid å lage.
Tusen takk for alle koselege kommentarar eg har fått i det siste,
blir kjempeglad for kvar einaste ein:-) 
 
 

Dymo

Endeleg har eg fått meg ein slik gamaldags dymo!

Her har eg leika meg litt. Høna, egget og påskeharen er klippt ut i papir frå Blafre.

Denne skal eg nok bruke flittig. Har planar om å få orden på hobbyrom / arbeidsrom,
her skal det sorterast i bokser som skal merkast ved bruk av min nye dymo.:-)
Slutt på å bruke ei masse tid på å leite etter ting:-)))

fredag 30. mars 2012

Klippe, klippe, klippe...

Inspirert av Lisbeth sin lille verden har eg klipt ut harepuser  i store mengder!
Har brukt både tapetrestar og fint papir som eg har hatt liggande ei stund.
Kjekt å få brukt det til noko som blir så dekorativt!
Denne greina pyntar no opp i vinterhagen!

Klippte også nokre litt større harepusar til dekor på veggen bak sofaen.

Medan eg var i klippemodus laga eg også denne påskegirlanderen.
Ta ein titt inne hos Lisbeth sin lille verden og sjå på dei fine harepusane ho har laga.
Visst du har lyst å lage dine eigne harepusar har ho ein link til mønsteret!

torsdag 29. mars 2012

Forandring fryder

Leeenge har eg hatt denne grøne tapeten i retrostil liggande.
Ting tek tid, men no har den endeleg komt opp!

Passar vel bra med grønt no som det er vår!
Kjøpte nok tapet til heile veggen, men bestemte meg for at det var nok med tre lengder.
Så no har eg masse tapet til overs....
Har bytta ut elefant girlanderet med ei i meir påskestil.
Harepusane har eg klipt ut i tapet, meir om det i morgo.
Gøy med forandring! Ikkje tok det så lang tid heller når eg først sette i gong.
Visst du vil sjå korleis veggen såg ut før trykker du her!

Oppdatering: Er med dette også med i NIB si utfordring Colour addict.
Dette er ei utfordring eg synes passar meg,
 så eg kjem sikkert tilbake med eit heilt nytt bidrag til dette temaet:-)

tirsdag 27. mars 2012

Steikje fine gardiner!


Dette ein gong så staselege huset 
har diverre stått tomt i fleire tiår.
  Vær og vind har enno ikkje satt sitt preg på denne nydelege gardina,
så den har nok ikkje hengt slik lenge. 


Eg har ein mistanke om at det er ho
Dagmar ( orkanen vi hadde i romjula ) som har lufta gardiner....

Rundt bygda

Ein av dei mange positive sidene ved å blogge,
er at eg har blitt flinkare til å ta med kamera, 
og som følge av det tek meir bileter.
"Rundt bygda" er vel den mest vanlege trimrunda her i bygda.
Her deler eg nokre små glimt frå min spasertur:
 Lerketred med masse kongler,
plukk eit par slike greiner og du har ein nydeleg dekorasjon! 
Snøklokker i skogen
Vakkert tred
Regndråpar på linsa...
Likar faktisk effekten det gir.



mandag 26. mars 2012

Monochrome

Finner stadig nye utfordringer å delta i. Dette er mitt bidrag til Månedens Monochrome i Fotoringen.
Biletet tok eg på fantastiske Island i haust.
Trykk på linken under for å sjå fleire bidrag.


lørdag 24. mars 2012

Påskestilleben

Påske i ditt hus er utfordringa i bloggen Potrinas
og dette er mitt bidrag. 
Eg valde å lage eit enkelt påskestilleben.
Påskeegg med noko godt i, te frå knallgul krus,
påskeliljer og perlemorsblomst,
fine bøker eller eit interiørblad å sjå i,
det er påskekos for meg.

Ønsker du å delta sjølv i denne påskeutfordinga
eller få litt påskestemning trykk  på linken under: