onsdag 7. mars 2012

Her bur Elvira

Vil berre vise fram litt av Elvira sitt vesle rom.
Vi drista oss til med tre forskjellige tapeter, her ser dokke to av dei. Fuglar og blomar, og på den tredje tapeten er det sjølvsagt sommarfuglar!
Oppå sminkebordet sitt vår snille, fine katt Tom.
 
 

Sminkebordet, som er kjøpt på loppemarknad, har fått kvitmåling, nye knottar og tapet på frontane.


Hello Kitty er populært!
  


                                                                   Her er dei tre tapetane som er brukt.



Fordi rommet til Elvira er så lite har vi bygd senga i høgda, frå vegg til vegg. Slik får ho meir golvplass å boltre seg på.
Legg merke til dokkehuset, her må det ha vore fest!

lørdag 3. mars 2012

Here I am again


Dette er også veldig meg! Leikent og fargerikt! Eg kan ikkje leve utan fargar i interiøret. På veggen bak sofaen har eg hengt opp eit stykke stoff frå Jysk. Kjøpte metervis av dette stoffet for nokre år sidan, betalte 25 kroner for ein rull på 5 meter! Måtte berre kjøpe fleire ruller til den prisen. Mykje har eg gitt vekk, men har også sydd putene i sofaen, stor duk og trekt opp ei stor madrasse og eit stolsete. Enda har eg meir stoff!
Bilen og dinosauren er det minsteguten i familia som eig. Fine leiker som dette kan eg gjerne ha i stova, det skal vise at her bur barn.

Lampeskjermen har eg kjøpt på ein bruktbutikk i Ålesund. Eg har spraya den knallrosa!


Elefantlenka har eg kjøpt på Indiska. Den vesle skjenken til høgre har vore mi bestemor sin. Oppå den har eg fleire bøker, elsker å omgi meg med fine bøker. Biletet over er det mitt flinke kunstnarsyskenbarn som har laga. Det betyr mykje for meg.

Here I am - this is me



NIB si utfordring denne månaden er å vise kven ein er gjennom eit personleg interiør. Stort sett endrar eg ganske ofte på kva slags bileter som heng framme, eller så flytter eg rundt på dei. Det gjeld ikkje denne veggen over sofaen. Desse fotografia tok eg til ei kollektivutstilling eg var med på for nokre år sida. Temaet var Livsglede og utstillinga tok plass i ei kyrkje!



Grunnen til at eg har beholdt denne veggen slik så lenge er at bileta, for meg,  utstrålar energi! Dessutan har eg alltid vore glad i svart / kvitt fotografier. 

Vil du sjå fleire personlege interiør trykker du her!

fredag 2. mars 2012

Reise


Eg har alltid likt å reise.
Har nyleg komt over nettsida øyeblikk, som arrangerer fotokonkurranser. Denne gong er temaet " Reise ",
og eg valde å delta med dette biletet frå Kreta.
Det var ein heller kjølig dag, og difor ingen folk på stranda. Vi leigde bil denne dagen, og hadde køyrt ganske langt, før vi kom til denne fine stranda. Felix, då berre to år, var lykkeleg over å endeleg få røre på seg. For meg symboliserer dette biletet livsglede.   




onsdag 29. februar 2012

Pastell finalist!


Kom heim frå England i dag
og oppdagar at eg er ein av finalistane i pastell utfordringa til Lidyll.
Stor stas blant så mange fine bidrag!
Du kan gå inn å stemme på din favoritt her!

fredag 24. februar 2012

Fuglehus


Ingen revolusjonerande endring her i heimen i dag,
men fuglane i vindauget fekk seg hus.
Huset hang i eit anna vindauge,
 men sjølvsagt må det henge der fuglane er!



Med dette ynskjer eg alle ei fin, fin helg.
Eg reiser på langweekend til England og gler meg
sjølvsagt villt til det. Er tilbake om nokre dagar!

Klem frå Mari

torsdag 23. februar 2012

Kva er kunst?


....det kan nok diskuterast, men for meg personleg er teikningane og måleria til borna mine den finaste kunsten eg har! Kunsten over er det vesle Linus på 2,5 år som har laga. Ikkje det store då, det er eit trykk på lerret frå danske Poul Pava. Elskar hans naive og fargerike stil. Han er nok inspirert av barneteikningar.


               Teikningane kjem enda betre fram i rame.


Sjarmerande, ikkje sant?



Mamma, eg har teikna deg!
Felix var knappe tre år då han teikna denne.
Teikninga har eg laminert.



Her er det Elvira som har teikna meg i min
lilla My cinnamon girl kjole.
Likheita er slåande:-)



Til høgre har Elvira teikna seg sjølv i hagen.



 Treng ikkje å kjøpe dyr kunst eg,
som har slike små (store) kunstnara i huset:-)


mandag 20. februar 2012

Pastellfargar


Live med bloggen Lidyll utfordrar oss til å vise fram pastellar. Det er ikkje så vanskeleg å finne pastellfargar her i huset, så her er mitt bidrag!



Skapet som glasa står i, har eg måla isturkis inni.


I den fine, lilla boksa samlar eg mine blomsterfotografier.
Dei to gamle bruskassene har eg måla i pastellfargar og sett hjul på.


Vimplar heng eg opp både her og der. Denne heng over døra og er i fine pastellfargar.




Det herlege serviset over er Lovebirds frå pip. Kan ikkje bli anna enn glad av å drikke te av desse koppane. Eg får assosiasjoner til sukkertøy!
Vil du sjå fleire pastellar trykker du her!

torsdag 16. februar 2012

Kven treng gardiner...?


...når ein har så mykje dill å henge opp i staden:-)


Dessutan blir det lysare inne når ein droppar gardinene.
  
Herleg at det går mot lysare tider! 



Fuglane og vimplane har eg klipt ut i papir frå Nille og Panduro.
Likar å halde på med slike småprosjekt i papir.




Eg blir visst aldri lei av å bruke fuglar i interiøret.


Sommarfuglane, larva og sola har ungane laga i barnehagen.
Den lilla lykta kjøpte eg på Indiska ein gong.



Kven treng gardiner?