onsdag 15. februar 2012

Julerose i februar


Februar er ikkje månaden
ein forventar
 å finne eit motiv som dette.




Juleroser, så vakre... 




Midt i mamma sitt blomsterbed,
i horisontal stilling,
for å få rette vinkelen.



 


Eg vart både moldete, stiv og støl,
men det var verdt det.




Eg fekk bileta mine.



Fin onsdag til deg!

tirsdag 14. februar 2012

Happy Valentines!




Med denne fine Peace rosa ynskjer eg alle ein fin Valentines kveld! 

Hadde denne rosebuska i hagen,  men den overlevde diverre ikkje den kalde vinteren i fjor. Trur eg må plante meg ei ny til våren.

søndag 12. februar 2012

Utsikt frå godstolen


Dette er utsikta eg har no, her eg sitt i godstolen framfor Tv og dataskjermen. I denne hylla har eg samla nokre av mine finaste ting:-)


KVELDSSTEMNING, kosar meg om kveldane med levande lys.



Slik får eg litt bystemning her på landet :-)



BY NIGHT

lørdag 11. februar 2012

Jysk skap i ny drakt





Her er det omtalte skapet med pip tapet på frontane! Då vi pussa opp kjellaren i fjor, hadde eg sett meg ut dette skapet frå Jysk. Vi har eit klesskap på soverommet frå same seria ( Liva ), så eg visste at kvaliteten var bra. Eg tok dermed turen til Jysk, berre for å finne ut at dei ikkje førte denne seria meir... Vart kjempeskuffa, men i haust kom eg tilfeldigvis over ei annonse i Sunnmørsposten, med akkurat dette skapet til salgs på grunn av flytting! Fekk då skapet billeg og ikkje minst ferdig montert!



Skapet måla eg kvitt og dørene vart dekorert med tapetrestar. Det er nok denne tapeten som går igjen mest her i huset:-) Til slutt fekk det nye, fine knottar.



Skapet er i eik og var faktisk fint som det var, men eg angrar ikkje på forvandliga. Skapet er no både dekorativt og praktisk!
Ynskjer alle ei fin helg!

onsdag 8. februar 2012

Vårstemning i vinterhagen





Med bileta over hiv eg meg i siste liten med på NIB si utfordring om å skape ein vårleg vegg. Dette er mitt andre bidrag. 
Biletet er teke i vinterhagen vår. Har rama inn ein liten bit av tapeten frå pip. Sommarfuglane kjøpte eg på Nille ein gong.


Tapeten har eg også brukt under glasplata på bordet i vinterhagen. Har fått mykje ut av den tapeten :-)
Har tidlegare brukt den som fondvegg på soverommet, i dokkehuset og på eit skap. Bileter av skapet må eg vise dokke ein anna dag:-)


Desse to gamle bruskassene kjøpte eg ein gong på ein brukthandel i Ålesund. Det var ein del målingsflekka på dei, så eg valde å måle dei, og så sette eg hjul på dei. No bruker eg dei til bøker og planter, men barna bruker dei helst som båtar:-)



Det er ei stund til påske enno men påskeliljer gir slik herleg vårstemning at eg ikkje klarte å vente.


tirsdag 7. februar 2012

Vårleg vegg?



Månadens utfordring på NIB ( norske interiørbloggere ), er vårlig vegg. Dei oppfordrar til å pynte smartpanelen ( viss ein har det ) for å skape vårstemning. Som fersk interiørbloggar blir det første gong eg deltek på denne utfordringa. Gøy!


Personleg er eg glad i alle årstidene og nyter faktisk at det er vinter no. Likevel er eg glad i fargar så litt vårstemning inne kan ikkje skade. Har leika meg på arbeidsrommet med fargerik vimpelrekke ( printa ut frå ein nederlandsk blogg eg ikkje hugsar namnet på ), bøker og foto, fine bokser og Elvira sine søte, blomstra støvler som diverre har blitt for små.



Når eg ser resultatet no så vart det vel meir sommarsleg enn vårleg..... Teikninga på veggen teikna Elvira då ho var berre tre år. Ho har alltid hatt ein herleg strek. Dei to svart/kvitt bileta i ramer, tok eg av mine to eldste barn då dei var små. Er veldig glad i desse to fotografia. Likar at dei er naturlege og i rørsle, ikkje oppstilte:-)


Elvira og Linus insisterte på å få vere med på bilete:-)

Klem frå Mari



lørdag 4. februar 2012

Min hatt den har ei tre kanter


Med dette hattebilete ynskjer eg dokke alle ei herlig helg! Hattane tilhøyrer ei fargerik, eldre dame eg besøkte ein gong. Dei fleste hattane hadde ho laga sjølv, og både dama og hattane var svært sjarmerande. Eg må innrømme at eg ikkje bruker hatt, gjer du? :-)

torsdag 2. februar 2012

Elviras dokkehus


                          Her har eg leika meg med tapetrestar. Denne gongen var det dokkehuset til jenta mi på fem år som fekk
                          seg ei fornying. Alle rom har fått kvar sin tapet, då eg synes at det var litt kjedeleg med berre kvite veggar.
                          Pirkearbeid men kjekt! ( kunne sikkert ha tapetesert eit heilt rom på same tida:-)

 

Tapeten med fuglar på frå pip wallpaper har vi som fondvegg på soverommet.
Kjekt å få bruke restane, den er altfor fin til å la vere!


    
 


Det går mest i den romantiske stilen, blomster, fuglar og sommarfuglar, men eit rom har fått grøn tapet i retrostil.
Ønsker alle ein fin torsdag.

onsdag 1. februar 2012

Med litt spraylakk og tapet...


fekk denne gamle hylla ein ny utsjånad. Då eg fekk den var ho kvitmåla. Eg spraya den knallrosa, og tapeteserte ei tynn plate, som eg spikra fast på baksida. No heng den i leikarhytta og eg er kjempefornøgd med resultatet.


Det kjem nok snart fleire bileter av prosjekt der eg har brukt måling og tapet. Ei omvisning i leikarhytta har eg også planar om:-) Ha ein fin onsdag!