søndag 18. mars 2012

Sommarslege bileter

Det er enno ei stund til vi kan plante ut sommarblomster,
men har lyst til å dele fleire sommarslege bileter med dokke.

Lyset var heilt nydeleg denne ettermiddagen.


Er ikkje så glad i sneglar i hagen, men akkurat denne sett eg pris på!




Likar å plante i gamle kaffekjelar!




Pellargonia er ein av mine favorittblomar.
Her snør det i kveld, så det er godt å drøyme seg litt vekk.
Godt å vite at vi går varmare tider i møte! 


 

Stilleben


Dette er mitt bidrag til utfordringa i Øyeblikk der temaet er Stilleben.


No gler eg meg til å plante i potter og kar, det kan aldri bli for mykje blomster!
Vi har forresten hatt sol her i dag! Herleg! Det trengde vi etter mange, mange gråværsdagar.
Vil du kike på andre stilleben trykker du her!

torsdag 15. mars 2012

There is no place like home?


Det er lenge sida vi har sett sola her på Sunnmøre.
Det hender eg drøymer om å emigrere til eit varmare land.
For to dagar sidan var det den gråaste av dei gråe dagar.
  Eg køyrte gjennom Ørsta sentrum då eg fekk auge på dette tredet med skjorereiret i.
 Synes det var verdt å stoppe og forevige. Det ser ikkje slik ut men det er altså eit fargebilete:-)
Grått kan også vere fint:-)
Og sjølv den gråaste dagen kan ha sin sjarm.



Den dagen sola kjem,
gløymer vi alle regnværsdagane, 
og Sunnmøre er nok ein gong den finaste plassen på jord:-)

onsdag 14. mars 2012

Glad i grønt!


Manuela med den fine bloggen Mrs Hardy utfordrar oss til å vise fram grønt i interiøret.
Glad i grønt og eg, så her er nokre grøne detaljar frå heimen.



Synes nesten påskeliljene er finast slik som her, før dei sprett ut.


Var nyleg på utstilling med David Hockney i London.
Dette bilete var eit av mine absolutt favorittar. Masse grønt i det er det også:-)

 
 
Vil du bli meir inspirert til å bruke grønt i interiøret så klikker du her!

tirsdag 13. mars 2012

Gult er kult!


Eller kva synes du?
Herlig med litt knallgule detaljar synes no eg.



Likar å drikke te av denne store, gule krusa frå Indiska.


Gult er påskefarge nummer en, ikkje lenge igjen!


Høyrer om knallvær på andre kantar av landet, men her er det berre grått og trist.
Då er det bra eg kan sprite opp med litt fargar inne iallefall!


søndag 11. mars 2012

Min Figgjo favoritt


Vis din FIGGJO favoritt utfordrar Frk. EPLEGRØT,  med den fine bloggen Frk.EPLEGRØTS lille hus. 
Har litt frå Figgjo som eg har arva, men har aldri bevisst samla. Serviset som eg viser her er ikkje arva, men derimot
kjøpt nytt på Figgjo utsalet for litt over eit år sidan. Serviset heiter Mons trur eg. 
 Eg har seks tallerkener, men diverre berre ei skål og ein kopp, og det tilhøyrer femåringen i huset.



Det er mange som har lagt ut bilete av sine Figgjo favoritter inne hos Frk. EPLEGRØTS lille hus.
Eg visste at det fins mange fine  Figgjoservise, men var ikkje klar over mangfaldet, utruleg mykje fint!
Vil du ta ein titt så trykker du her!



lørdag 10. mars 2012

Eg gjekk meg ein tur


ikkje så langt
berre ein spasertur heimafrå


målet var dette
fantastiske 
gamle
vakre tredet
som heldigvis overlevde Dagmar


av og til må ein stoppe og sjå opp



 legge merke til alt det vakre rundt seg







          ein må ikkje slutte å sjå  




I'm lucky
I don't have to walk far
to find beauty

onsdag 7. mars 2012

Her bur Elvira

Vil berre vise fram litt av Elvira sitt vesle rom.
Vi drista oss til med tre forskjellige tapeter, her ser dokke to av dei. Fuglar og blomar, og på den tredje tapeten er det sjølvsagt sommarfuglar!
Oppå sminkebordet sitt vår snille, fine katt Tom.
 
 

Sminkebordet, som er kjøpt på loppemarknad, har fått kvitmåling, nye knottar og tapet på frontane.


Hello Kitty er populært!
  


                                                                   Her er dei tre tapetane som er brukt.



Fordi rommet til Elvira er så lite har vi bygd senga i høgda, frå vegg til vegg. Slik får ho meir golvplass å boltre seg på.
Legg merke til dokkehuset, her må det ha vore fest!