tirsdag 26. november 2013

Julestemning


 Den einaste plassen i huset ein finn eit snev av julestemning er i vinterhagen.
I fjor masseproduserte eg stjerner,
og her har eg hengt opp nokre av dei.
 
 
Dei av pellargoniane eg berga inn før frosten kom står framleis fint i blomst.

 
Har leita fram gamle juleblad og bøker for inspirasjon.



Vinterhagen har fått stå i fred i heile haust,
på tide å ta den i bruk att!
Vi har varme i golvet så det går fint å bruke den om vinteren også:-)


søndag 24. november 2013

Ein månad att...

...til jul,
 
 
og eg har verken pynta, baka, laga julepynt eller kjøpt julegåver,
MEN dei fyrste sviblane har komt i hus:-).
Det er då noko:-).
 
 
Og i dag kom det snø, nesten så eg får litt julestemning.
 ( at det er meldt regn heile neste veke gløymer vi )
 
 
 Leita fram nokre av stjernene eg laga i fjor,
då eg hadde heilt dilla på stjerner.
Fekk rydda litt i vinterhagen også,
den har kun fungert som lager for potter og hagemøblar i heile haust.
På tide å pynte og lage der litt koseleg.
Eg håper også at lysta, og overskotet til å vere kreativ kjem tilbake snarast!

onsdag 20. november 2013

Teppe skal det bli...


 
...men det går ikkje så fort framover denne gongen.
 
 
Ein vakker dag vert det nok ferdig:-).
 

 

fredag 15. november 2013

What does the fox say?

 
Elvira har pynta opp kjolen sin med ei revebrosje av filt.
Mønster og material til å lage to slike revebrosjer fekk eg i bladet Mollie Makes.

 

Eg abonnerer på den engelske utgåva av bladet og det følger alltid med eit eller anna.
Det kan vere knappar og pynteband, men som regel ein liten materialpakke med noko ein kan lage.
Forøvrig er Mollie Makes eit meget inspirerane blad,
og no får du det også på norsk.
Det var dagens anbefaling:-).
God helg til alle saman!
Mari


onsdag 13. november 2013

Lykter av syltetøyglas

 
Gjenbruk er kjekt:-)
I helga laga eg desse lyktene og i dag fekk eg endeleg fotografert dei.
 
 
 
Det er dårleg med dagslys for tida, det lysnar seint og mørknar tidleg.
Nokre dagar blir det ikkje lyst i det heile...
Snart 14 dagar sia siste innlegg,
merkar at eg har mindre energi og overskot denne årstida.
Har allereie begynt å gle meg til sola snur og dagane blir lengre:-). 
 
 
Teiprullar kan brukast til så mangt:-).
 
 
Måtte pynte med litt perler og knappar!

 
 Slike lykter har vore på mi "to do list" lenge,
så kjekt å endeleg ha gjort det.
Det blir nok fleire slike,
og kanskje ein vase i same stil?:-)

 

 
 

fredag 1. november 2013

Fredagskveld

 
Prikker, striper og tulipaner,
og no har også kremtoppane komt på bordet:-).
GOD HELG!