lørdag 31. august 2013

Skrivebord i stova

 
Litt ommøblering igjen!
Her sto det eit konsollbord, og det gamle skrivebordet som pappa har laga sto på hobbyrommet.
No har dei bytta plass.
 
 
Litt nytt på veggen:-)
 
 
Stolen har fått grøne føter:-).
 
 
Barteteipen ligg klar til nye prosjekt:-).
 
 
Det fine med å ommøblere er at det føles nesten som at ein har fått noko nytt:-).
 

fredag 30. august 2013

Kjøkkenhylle 2

 
Slik ser tallerkenhylla ut for tida:-).


 
Veska til venstre inneheld rekningar,
godt å få skjult dei:-)
Kjekt med fredag,
her har vi akkurat kosa oss med taco.
I morgo tenker eg at det blir ein liten fjelltur.
God helg!


torsdag 29. august 2013

Kjøkkenhylle

 
Denne hylla er ei CD hylle frå 90-talet som vi hadde tenkt å kvitte oss med.
Det var ei slik som sto på golvet.
Eg har raska ut det som var inni, som CD'ane sto i, og måla den kvit.





 
Sommarfuglane i vindauget har borna laga i barnehagen.
Kjekt med "ny" hylle på kjøkkenet!
 

onsdag 28. august 2013

Tallerkenvegg og pipskap

 
 
Dette skapet er eit Jysk skap som eg kjøpte brukt for eit par år sia.
Måla skapet kvitt, pynta frontane med piptapet og skifta knottane.
 
 
Skapet har fram til no stått i kjellaren,
men no fekk eg lyst til å ha det i stova.
Dermed bar vi ner den brune teaksjenken og opp med dette.
Forandring fryder!:-)
 

 
Fekk også lyst til å lage meg ein tallerkenvegg til,
( har ein i vinterhagen også )
synes at det er så dekorativt!

Elvira poserer framfor skapet ein dag ho skulle i selskap:-).
 


 
Skulle eg få mange gjestar er dei enkle å plukke ner:-).

tirsdag 27. august 2013

Litt frå uteplassen

 
Måtte knipse nokre bileter frå den nye uteplassen vår,
nesten ferdig!
Møbelgruppa har vi nyst kjøpt på sal.
 

 
Ser føre meg at det blir fint med eit rundt steinbed innfellt i plattingen,
framfor vinterhagen.
 

 
 
 
 
 
Både to og firbeinte nyter fineværet!


 
 

mandag 26. august 2013

Kabeltrommel og kveldslys

 
Kabeltrommelen har eg hatt ståande ganske lenge,
no har den fått hjul og eit par strok med måling.
 
 


 
Er veldig fornøgd med fargen:-).
 
 
Vi har hattt nokre fantastiske seinsommardagar i det siste.
Desse bileta tok eg i går kveld.
 

 
Elsker det varme kveldslyset ein får på slike fine dagar,
måtte berre sleppe det eg hadde i hendene og knipse nokre bileter:-).