fredag 27. april 2012

Polkadot love!


Live med bloggen Lidyll hadde eit
 DIY prosjekt på korleis ein enkelt dekorer ein vegg med polkadotter, for eit par veker sidan.
Eg vart kjempeinspirert og leita opp tapetrestar og papir.
Etter mykje leiting fann eg også ein passar,
men sjølvsagt utan bly.
Så gjekk det enno stund før eg hugsa å kjøpe bly.

 Då var eg endeleg klar til å sette i gong,
og eg klippte og klippte, 
 polkadotter i forskjellige fargar og storleikar.
Polkadottane vart lagt i press i ei bok,
og dermed gjekk dei litt i gløymeboka,
heilt til i går.


Det er polkadotter på bilen til minstemann,
så den måtte sjølvsagt vere med på biletet.


Ned med harepusane  (som har hengt sia påske...)
og opp med polkadottane!

Hengte også opp nokre papptallerkenar eg hadde liggande.
Den største var dekorert med sommarfuglar,
så då pynta eg også dei einsfarga papptallerkenane
med sommarfuglar.



Dei blålilla polkadottane har eg klippt ut frå ein servietthaldar.
Ein må bruke det ein har!




Gøy å få leike seg på ein heil vegg! 





Gjekk litt amokk, skal innrømme det,
men synes at resultatet vart fargerikt og leikent.
Akkurat som eg likar det:-)
Vil du lage dine eigen vegg med polkadotter trykk her og bli inspirert du også!
God helg!











mandag 23. april 2012

I farta!



Mandagstemaet denne gongen inne hos Helene med bloggen Alt som er Vakkert er
i farta / on the move.
Her er Felix  i farta! Likar så godt dette biletet av Felix, det viser han i sitt ess.
Biletet tok eg på Selje, sommaren for snart to år sidan.
Vi besøkte fleire strender i området, den eine meir spektakulær enn den andre.
Kvar gong Felix såg ei strand så byrja han å springe. Han sprang, og sprang og sprang!
Heilt ustoppeleg var han.



Hoddevika, eit paradis på jord.
Ynskjer alle som er innom ei fin veke!

lørdag 21. april 2012

Koppar og anna frå Cath Kidston


Har lenge vore fan av Cath Kidston.
Då eg tidlegare i vår var i London
 fekk eg endeleg høve til å besøke ein Cath Kidston butikk.
Her var det mykje lekkert!



 Koppar frå Cath Kidston har lenge stått høgt på ønskelista.
Det var vanskeleg å velje blant så mange fine koppar,
men enda opp med desse fire:-) 


Søte ikkje sant?


Eg elskar fine bokser, 
og då gjer det sjølvsagt ingenting at koppane kjem i denne nydelege boksa:-) 


Klarte også å handle med meg litt meir;-)


Handkrem i fin innpakning....
Sjølvsagt like viktig som innhaldet, he, he:-)


Nydelege toalettvesker...


Og så måtte eg sjølvsagt ha meg ei ekte Cath Kidston veske.


Dilla på fuglar eg?




fredag 13. april 2012

Fin sjokoladeinnpakning

                                                                               

                                                                                  
Eg var i England for ei tid tilbake,
og då kjøpte eg denne sjokoladen...
på grunn av den fine innpakninga:-)


Det er vel ein heilt naturleg ting å gjere...
Har fleire gongar kjøpt vin på grunn av fin etikett...
no også sjokolade:-)


Ser at det er julemotiv men må berre vise det fram likevel.
Herlege illustrasjonar,
til å bli glad av!


Eg er ein sjokoman og klarer vanlegvis ikkje å spare på sjokolade,
men denne måtte fotograferast først.
Den går nok ned på høgkant i kveld:-)


Sjokoladen kjøpte eg på Boots.

 

Cute or what?
Fleire enn meg som kjøper noko på grunn av innpakninga?

torsdag 12. april 2012

Fin leik i hytta


Det har ikkje vore så mykje leik i leikarhytta i vinter,
men siste dagane har den vore mykje i bruk.

Full av liv er denne vesle karen!

Bileta har eg teke frå hemsen. "Mamma, kva gjer du der oppe?"

Elvira steller i stand til selskap! Ho leikar at ho har bursdag og har invitert mange gjester.

Mykje fristande her!

Kjekt å sjå at hytta blir satt pris på og brukt akkurat slik som vi såg føre oss ho skulle bli!


Linus og Elvira tek seg ein liten kvil på hemsen!


Eg har tidlegare hatt eit innlegg frå hytta,
viss du vil sjå fleire bileter herifrå trykker du her!



mandag 9. april 2012

Monochrome i april


Dette er mitt bidrag i Månedens Monochrome hos Fotoringen.
Kjekt å delta i denne utfordringa då eg har alltid vore glad i svart/kvitt bileter.
Eg har eit langtidsprosjekt der eg fotograferer forlatte bygningar.
 Dette er det første huset eg fotograferte.
Spooky eller?;-)

søndag 8. april 2012

Colour addict


Utfordringa hos NIB denne månaden handlar om fargar i interiøret.
Her i huset har vi fargar i overflod!


Denne herlege tekanna har eg fått i gåve.



Synes at det er fint å kombinere prikkar og striper.




Det er veldig mange fiiine, inspirerande bidrag inne hos NIB denne gongen.
Ta ein titt då vel!