onsdag 28. desember 2011

Julevimplar og små glimt av jul



Har laga julete vimpelrekker i papir. Ei har eg hengt opp over ei døropning
og nokre heng i juletredet.
Likar å halde på med slike småprosjekt i papir.



I bestemors gamle tekopp har eg planta ein svibel.


Julestjerna kjøpte eg på Åhlens i fjor.


Katten vår Tom koser seg i vinterhagen vår som heldigvis overlevde
Dagmars herjingar natt til 2 juledag.

Dei vakre julekulene eg kjøpte hos Søstrene Grene i fjor ligg i fine skåler.

Og til slutt eit utsiktsbilete teke frå terrassa
 våra nokre dagar før jul medan det framleis
 var litt kvitt på markane. Ha ei forsatt god jul!
Mari

torsdag 15. desember 2011